Tokrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om tokronemynten. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå tokronesetel.
Tokronemyntar avbilda oppe til venstre og nede til høgre på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Tokrone eller tokroning er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1878 til 1917.

Ordinær tokronemynt hadde på adversen eit portrett av den regjerande monarken, mens reversen i unionstida hadde eit riksvåpen omgitt av ein bladkrans, og etter unionsoppløysinga hadde eit riksvåpen omkransa av våpenskjolda for kvart norske amt.

I 1906, 1907 og 1914 kom det spesielle minnetokroner. Tokronene frå 1906 og 1907 har på reversen teksten «NORGES UAFHÆNGIGHED GJENNEMFØRT», den eine 1907-mynten var også pryda med krosslagde gevær og kavalerisabel. På adversen hadde desse myntane det norske riksvåpenet. I 1914 kom det ein minnemynt for å markere 100-årsjubileet for Grunnlova, pryda med «Mor Noreg».

Norske tokroner
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år
Oskar II sølv 15,00 g 12,00 1878-1904
Håkon VII sølv 15,00 g 12,00 1906, 1907, 1914 (minnemynt)
Håkon VII sølv 15,00 g 12,00 1908-1917

Kjelder[endre | endre wikiteksten]