Ferdinand de Marsin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferdinand de Marsin

Fødd10. februar 1656
FødestadLiège
Død9. september 1706
DødsstadTorino
Rangmarskalk av Frankrike
KonfliktarNiårskrigen, Den fransk-nederlandske krigen, Den spanske arvefølgjekrigen

Ferdinand, comte de Marsin (eller Marchin) (10. februar 16569. september 1706) var ein fransk general og diplomat, som var marskalk av Frankrike.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Liège som son av John Gaspar Ferdinand de Marchin, Comte de Granville og Marie de Balzac d'Entragues.

Marsin tente i Flandern og vart skadd i slaget ved Fleurus i 1690. Han tok del i slaget ved Neerwinden og omleiringa av Charleroi.

I 1701–1702 var han fransk ambassadør i Spania.

I den spanske arvefølgjekrigen var han til stades ved slaget ved Luzzara. Han vart marskalk i 1703, etter slaget ved Speyerbach. I 1704 vart han slått i slaget ved Blenheim, i lag med Tallard, og vart dødeleg skadd under slaget ved Torino. Han vart sett i fengsel i same by og døydde nokre få dagar seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ferdinand de Marsin