Slaget ved Luzzara
- Denne artikkelen handlar om slaget i den spanske arvefølgjekrigen. For slaget i den polske arvefølgjekrigen, sjå slaget ved Guastalla.
Slaget ved Luzzara | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Habsburgmonarkiet | Frankrike[1] | ||||||
Kommandantar | |||||||
Eugene av Savoie | Duc de Vendôme | ||||||
Styrkar | |||||||
25 000 | 30 000 - 36 000 | ||||||
Tap | |||||||
2 000 | 4 000 |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Luzzara var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen, som vart utkjempa den 15. august 1702 nær Luzzara i Italia.
Opptak
[endre | endre wikiteksten]Sommaren 1702, etter å ha teke Guastalla, vendte franskmennene under Louis Joseph de Vendôme nordover, med føremålet å kringsetje Borgoforte. På vegen slo dei leir nær Luzzara på høgresida av Po.
Då prins Eugene av Savoie høyrde dette hadde han kringsett Mantova. Han valde å avslutte omleiringa og samle alle tilgjengelege styrkar for å avskjere Vendôme.
Han nådde fram til Luzzara og sette opp hovudkvarter sitt nokre få kilometer nord for landsbyen Riva.
Slaget
[endre | endre wikiteksten]Vendôme hadde ei fordelaktig stilling og hadde førebudd forsvaret sitt med Po på venstresida og austerrikarane på høgresida. Resten av terrenget var opne sletter, fulle av grøfter, kanalar, gjerder og høge buskar.
Austerrikarane hadde meir erfarne soldatar og kommandantar som grev Daun, Vaudemont, fyrst Georg av Hessen-Darmstadt og Guido Starhemberg.
Morgonen den 15. august venta prins Eugene til resten av einingane sin som han inntrengande hadde kalla ut, nådde slaglinja. Kring kl. 1700 gjekk han til åtak. Planen hans var å skilje fienden frå elvesida og prøve å omringe dei. Han gjekk til åtak fleire gonger, men oppnådde lite på grunn av sterk fransk motstand.
Slaget heldt på til mørket senka seg.
Etter slaget låg dei to armeane andlet mot andlet fram til franskmennene braut leir den 4. november og felttoget i 1702 enda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Battle of Luzzara» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the house of Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis.