Hopp til innhald

Ferhan og Ferzan Önder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferhan og Ferzan Önder

Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somklassisk pianist

Ferhan og Ferzan Önder (fødd 2. oktober 1965) er tyrkisk-austerrikske tvillingar og pianistar. Dei opptrer ofte som ein duo.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Ferhan og Ferzan Önder vart fødd i ein liten landsby i provinsen Tokat i Nord-Tyrkia. Familien flytta til Ankara då den eldre broren deira byrja å studera musikk ved Konservatoriet i Ankara. Tvillingsøstrene byrja å spela piano i ein alder av 10 år og vart underviste som ein pianoduo frå byrjinga. Då dei var 14 vann dei ein spesiell jurypris på Concorso Pianistico Internazionale Alessandro Casagrande i Terni i Italia. Dei studerte først ved Hacettepe Universitet i Ankara og frå 1985 ved Universität für Musik und darstellende Kunst Wien i meisterklassane til Noel Flores og Paul Badura-Skoda.[1]

Duoen er kjend gjennom konsertreiser over heile verda og jamlege konsertar med anerkjende internasjonale orkester. Dei opptrer også på musikkfestivalar som Festspela i Salzburg, Beethovenfest Bonn, Wien Festival, Rheingau Musik Festival og Schleswig-Holstein Musik Festiva}.[1]

Repertoaret til duoen inkluderer verk av Bach, Vivaldi, Mozart, Poulenc, Bartók, Stravinskij, Witold Lutosławski og Fazıl Say.[2]

Deira første offisielle CD Vivaldi Reflections (2001) fekk ECHO Klassik-prisen i 2002. Det andre albumet deira hadde tittelen 1001 Nights (2003). I 2002 vart ei konsertinnspeling av eit samarbeid med Sächsische Staatskapelle Dresden (Dyrenes Karneval, talar: Günther Jauch) gitt ut.[1]

Tvillingsøstrene vart utnemnde til goodwill-ambassadørar for UNICEF av UNICEF sin Tyrkia-komité i 2003[3] og er involverte i barneprosjekt.[4]

Begge systrene bur i Wien.[5]

Ferhan Önder var gift med pianisten Rico Gulda og dei har ei dotter saman.[6]

Ferzan Önder var tidlegare gift med ein wiensk gründer.[1][7] Sidan 2009 har ho vore gift med multiperkusjonisten Martin Grubinger, og dei har ein son.[8]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1998: Saint-Saens - Beethoven (Pan Classics)
  • 2001: Vivaldi Reflections (EMI)
  • 2002: Karneval der Tiere
  • 2003: 1001 Nights (EMI)
  • 2015: Carmina Burana (SONY)
  • 2019: Karneval der Tiere (SONY)
  • 2019: Ferhan&Ferzan Önder play Fazil Say (WINTER&WINTER)
Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Interview mit Ferzan Önder» (på tysk). Club-Carriere.com. 9. januar 2016. 
  2. Programhefte for Schleswig-Holstein Musik Festival frå 2./3. august 2010 og frå 27./28. juli 2011.
  3. «UNICEF'in İyi Niyet Elçileri» (på tyrkisk). Unicef Türkiye Milli Komitesi. 30. januar 2016. Arkivert frå originalen 30. januar 2016. 
  4. «Ferhan & Ferzan Önder» (på tysk). RSB-Online.de. 30. januar 2016. Arkivert frå originalen 22. desember 2015. 
  5. «Interview mit Ferhan & Ferzan Önder» (på tysk). Concerti.de. 16. juni 2011. 
  6. «Der Sohn Friedrichs des Großen erobert Hamburg» (på tysk). Die Welt. 4. april 2006. 
  7. «Hommage an Schubert» (på tysk). Wirtschaftsblatt.at. 22. august 1997. Arkivert frå originalen 20. januar 2013. 
  8. «Ferhan und Ferzan Önder im Interview: „Ihr seid Türkinnen und spielt Klavier?“» (på tysk). Nachrichten.at. 7. juni 2011. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ferhan og Ferzan Önder