Fernande Bochatay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fernande Bochatay
Fernande Bochatay 1968.jpg
Fødd 23. januar 1946
Salvan i Sveits
Yrke alpinist
Fernande Bochatay på Commons

Fernande Bochatay (fødd 23. januar 1946), frå landsbyen Les Marécottes i Salvan i kantonen Valais, er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann bronsemedaljen i storslalåm under vinter-OL 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bochatay var debuterte i vinter-OL 1964 i Innsbruck med ein delt niandeplass i storslalåm. Vinteren 1968 var ho i sitt livs form. I januar og februar vann ho tre renn i verdscupen i alpint. Høgdepunktet kom likevel inn i mellom dei tre sigrane, då ho under vinter-OL 1968 i Grenoble fekk bronse i storslalåm bak kanadiske Nancy Greene og franske Annie Famose. I verdscupen i alpint 1968 kom ho på femteplass i samandraget, og vart beste sveitsar. Til saman kom ho sju gongar på pallen i renn i verdscupen (3-2-2).

I 1969 var ein fjerdeplass i storslalåm i Sterzing hennar beste resultat i verdscupen. Etter den sesongen var resultata langt svakare, og Bochatay la opp i 1972.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
5. januar 1968 Oberstaufen Tyskland Storslalåm
25. januar 1968 Saint-Gervais Frankrike Slalåm
24. februar 1968 Oslo Noreg Storslalåm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]