Fianna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fionn mac Cumhaill kjem for å hjelpa fianna. Illustrasjon av Stephen Reid frå 1932.

Fianna, eintal fian, er ei gruppe krigarar i irsk og skotsk mytologi. Dei var delvis uavhengige krigarbandar som levde utanfor samfunnet og i skogane som leigesoldatar, bandittar og jegerar. Dei kunne bli hyra inn av kongar som trengde tenestene deira. Fianna opptrer hovudsakleg i forteljingane frå Fenian-syklusen der dei er leia av Fionn mac Cumhaill.

Skildringar[endre | endre wikiteksten]

Den historiske fianna-ordninga er kjend frå referansar i tidlege mellomalderske irske lovtraktater. Ein fian var ein ung mann som ikkje åtte land, ofte ein ung adeleg som enno ikkje hadde fått arva si.[1] Ein medlem av fianna vart kalla for ein fénnid, leiaren av ein fianna var ein rígfénnid (bokstaveleg «konge-fénnid»).[2] Geoffrey Keating skreiv i historieverket Foras Feasa ar Éirinn frå 1600-talet at i løpet av vinteren vart fianna gjevne kost og losji av adelen. I løpet av denne tida opprettheldt dei lov og orden, men i sommertida, frå beltane til samhain, var dei forplikta til leva av jakt for føde og sal av skinn.[3] Verket til Keating er meir ei samling av tradisjonar enn eit påliteleg historieverk i moderne forstand, men i dette tilfellet peikar forskarane på referansar i tidleg irsk poesi og eksistensen av ein inngjerda jaktsesong på dådyr og villsvin mellom samhain og beltaine som er stadfesta i skotsk mellomalder.[4]

Ein del legendariske skildringar av fianna synest å stadfesta denne historiske røyndomen: til dømes i Ulster-syklusen leidde druiden Cathbad ein fianna på 27 menn i kamp mot andre fiannaer og drap tolv fosterfedrar av ulsterprinsessa Ness. Som svar leidde Ness si eiga gruppe av fianna på 27 menn som forfølgde Cathbad.[5]

Forteljingane om Fiannaíocht, plassert ein gong rundt tidsrommet til Cormac mac Airt, har likevel skildra fianna som ein einskildståande hær i tenesta til overkongen av Irland, men denne hadde av to rivaliserande grupper, Badíscne av Leinster, leidde av Fionn mac Cumhaill, og Clann Morna av Connacht, leidde av Goll mac Morna, Dei levde skilt frå samfunnet, og skaffa seg føde ved jakt.

Prøvingar og trening[endre | endre wikiteksten]

Medlemskap vart underlagt strenge prøvingar. I ein slik prøve frå ein som søkte om å koma med i forbundet måtte han stå i eit hol til armhola og verna seg med eit spyd medan ni andre kasta spyd mot han. Om han blei såra hadde han feila. I ei annan prøving blei håret hans fletta og han blei jaga gjennom skogen. Om han blei fanga hadde han feila, om ei grein knakk under føtene hans hadde han feila, og om flettene på håret blei øydelagde hadde han også feila. Han måtte vera i stand til å hoppa over ei grein i høgd med sitt eige hovud, koma seg under ein høgd så låg som knea sine, og dra ein torn frå føtene sine utan å seinkast.

Han skulle òg beherska diktekunsten.

Krigsrop og motto[endre | endre wikiteksten]

«Diord Fionn» var krigsropet til fianna, og var hyppig brukt før og under kamp. Det kunne vera ei form for kommunikasjon mellom krigarane for å kalla på kvarandre, eller for å gje frykt til fiendane sine. I legenda Fionns død lèt Fionn ropa «Diord Fionn» når han ser sonesonen Oscar falla i slaget ved Gabhra mot hæren til Cairbre Lifechair, og heldt fram med å slå valdsamt attende mot fienden.[6] Dette slaget markerte òg avsluttinga på fianna som institusjon.

Fianna hadde tre motto:

  • Glaine ár g-croí («Reinleik i hjarta våre»)
  • Neart ár n-géag («Styrke i lemmane våre»)
  • Beart de réir ár m-briathar («Handling som svarer til talen vår»)

Kjende medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Fionn mac Cumhaill: den siste leiaren av fianna
  • Cumhall: far til Fionn, tidlegare leiar
  • Goll mac Morna
  • Caílte mac Rónáin
  • Conán mac Morna
  • Diarmuid Ua Duibhne: ein fiannakrigar som rømde med Fionn si trulova Grainne og som blei drepen av eit kjempemessig villsvin på heden av Benn Gulbain. Fosterson av Aengus.
  • Lughaid Stronghand: trollmann, krigar, nevø av Fionn mac Cumhaill, ein av fire som kunne lausna på knutane som Diarmuid hadde bunde sjøkongane med, men nekta å gjera det. Elskaren til Aife, dotter av guden Manannan.
  • Oisín, son av Fionn mac Cumhaill: (James Macpherson sitt Ossians sanger)
  • Oscar, son av Oisín

I James Stephens si bok Irish Fairy Tales ('Irske eventyr') frå 1920 er det mange forteljingar som handlar om fianna.

Seinare bruk av omgrepet fianna[endre | endre wikiteksten]

I nyare historie har namnet Fianna Éireann vore nytta av fleire irske republikanske terroristorganisjoner (IRA). Fianna Fáil («Fianna av Irland»; tidvis òg attgjeve som «skjebnesoldatane») har vore nytta som eit oppnamn til Irish Volunteers; på lua til IRA; i opningslinja til den irskspråklige versjonen av den irske nasjonalsongen; og som namnet på det politiske partiet Fianna Fáil, det største i Irland.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ó Cróinín, Dáibhí: Early Medieval Ireland, Longman, 1995, s. 88
  2. Dictionary of the Irish Language, Compact Edition, Royal Irish Academy, 1990, ss. 299, 507
  3. Keating, Geoffrey: Foras Feasa ar Éirinn, 2.45
  4. Patterson, Nerys (1994): Cattle Lords and Clansmen: the Social Structure of Early Ireland, University of Notre Dame Press, ss. 122-123
  5. Meyer, Kuno (1884): «Anecdota from the Stowe MS. No. 992», Revue Celtique 6, ss. 173-186
  6. Augusta, Lady Gregory (1904): Gods and Fighting Men, kapittel «The Death of Fionn»
  7. Lord Longford; Thomas P. O’Neill (1970): Éamon de Valera. Dublin. kapittel 21. ISBN 978-0-09-104660-6.