Ficedula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ficedula


Dvergflugesnappar, Ficedula parva, hannfugl i vinterdraktFoto: Dhaval Vargiya
Dvergflugesnappar, Ficedula parva, hannfugl i vinterdrakt
Foto: Dhaval Vargiya
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Ficedula
Vitskapleg namn
Ficedula

Ficedula er ei biologisk slekt av insektetande fuglar, og slekta er medlem av flugesnapparfamilien, Muscicapidae. Leveområdet er generelt Eurasia, men eit fåtal av artane lever i område av Afrika sør for Sahara utanom hekketida.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Taigaflugesnappar, Ficedula albicilla, hofugl
Foto: Robert tdc
Halsbandflugesnappar, Ficedula albicollis, hannfugl
Foto: Andrej Chudy
Siratflugesnappar, Ficedula strophiata, hannfugl av den største arten i slekta
Foto: Prasanna Kumar Mamidala

Dei 34[1] artane i den biologiske slekta Ficedula er ei gruppe av flugesnapparartar med generelt svært varierande og fargerike fjørdrakter.[2] Dei fleste artane har leveområde i Asia. Jamvel om denne gruppa av flugesnapparar har stor variasjon i utsjånad, er det somme morfologiske fellestrekk og felles levevis. Kroppsform og storleik er mykje einsarta. Typisk er dei 11-12 centimeter i total lengd, ytterpunkta er knøttflugesnappar, Ficedula hodgsoni, som kan vere 9 centimeter og siratflugesnappar, Ficedula strophiata som kan bli over 14 cm.[3]

Kjønnsdimorfisme er typisk for slekta, unnataket er artane sumbaflugesnappar, Ficedula harterti og skuggeflugesnappar, Ficedula crypta, begge øyartar. Kjønna er like òg hos rusthaleflugesnappar, Ficedula ruficauda i Himalaya og India. Somme artar syner òg monaleg skilnad mellom kjønna i storleik, slik at hannar har lengre vengfjører og halefjører enn hoer.[2] Hoene er generelt i meir kamuflerande farger enn hannar og manglar ofte preg av draktmønster.

Fjørdrakta syner variasjonar over fleire tema. I Europa og Afrika lever fire artar i gruppa der hannar har eit svartkvitt draktmønster. Hoene hos desse artane har erstatta svart eller nær svart med brungrått, men er elles i same mønster som hannar. Ein av desse artane er svartkvit flugesnappar, Ficedula hypoleuca, dei andre er balkanflugesnappar, Ficedula semitorquata, atlasflugesnappar, Ficedula speculigera og halsbandflugesnappar, Ficedula albicollis. I Asia finn ein òg ein art i svartkvitt: kvitbrynflugesnappar, Ficedula westermanni, men hoa har annleis draktmønster enn hannen, ho manglar kvit augebrynsstripe og kvit flekk på vengen.[3]

Ultramarinflugesnappar, Ficedula superciliaris, i Asia, har ein annan draktvariant som liknar dei svartkvite artane i Europa og Afrika. Hannen har djupt blått i det svarte på oversida, hoa er utan mønster, meir eller mindre gråbrun over det heile, med lysare underside enn overside.[3] Dei fleste artane i gruppa[note 1] som er knytt til Himalaya, har slik som ultramarinflugesnappar, noko blått eller blygrått i fjørdrakta hos hannar.[3]

Hannar av tre artar har oransje i strupe eller brystområdet, er elles i grått, brunt og kvitt. Desse er dvergflugesnappar, Ficedula parva, taigaflugesnappar, Ficedula albicilla og siratflugesnappar, Ficedula strophiata. Både hoene og hannar utanom hekkesesongen har mindre iaugefallande drakt hos dei tre artane.[3]

Mange artar i Søraust-Asia har raudbrun underside til midt under buken, attanfor kvit; og mykje mørk overside, mellom anna mugimakiflugesnappar, Ficedula mugimaki og skiferryggflugesnappar, Ficedula sordida. Hoene er langt mindre fargerike.[3]

Mange, men ikkje alle er langdistansetrekkfuglar, andre gjer vertikale trekk. 15 av artane er standfuglar, inkludert dei som lever på øyar i Søraust-Asia.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein finn flest artar og variasjon i sørlege og austlege Asia og her er òg dei mest fargerike artane representerte. Unnatak er dei fire artane i Europa og Afrika med svartkvite fjørdrakter hos hannar. Ein art som er vanleg i sentrale og austlege Europa inkludert Sør-Sverige og Sør-Finland, men overvintrar på det indiske subkontinentet, er dvergflugesnappar.

Eit fåtal dannar ei undergruppe som er endemiske til Filippinane og Wallacea.[note 1] Gruppa inkluderer damarflugesnappar, Ficedula henrici, tanimbarflugesnappar, Ficedula riedeli, luzonflugesnappar, Ficedula disposita og palawanflugesnappar, Ficedula platenae.

Blant Ficedula-artane finn ein berre svartkvit flugesnappar som vanleg hekkefugl i Noreg. I hekketida kan han treffast over hele landet, minst vanleg i dei to nordlegaste fylka. Dvergflugesnappar er ein sjeldan og uregelmessig hekkefugl i Noreg, til dømes var det ei kjent hekking i Oslo i 2017. Det finst færre enn 15 registreringar av halsbandflugesnappar etter år 2000. Sikre observasjonar av andre Ficedula-artar i landet er ikkje kjente.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Ficedula i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Gruppering etter geografisk utbreiing, i same rekkefølge:[note 1]

Solflugesnappar, Ficedula zanthopygia, hannfugl
Foto: Devon Pike
Rusthaleflugesnappar, Ficedula ruficauda
Foto: J. M. Garg
Mugimakiflugesnappar, Ficedula mugimaki, hannfugl
Foto: JJHarrison
Svarthovudflugesnappar, Ficedula nigrorufa, hannfugl
Foto: Antony Grossy
Fire artar som hekkar i Aust-Asia, overvintar i Søraust-Asia
  • Solflugesnappar, Ficedula zanthopygia, Korean Flycatcher, Hay, 1845, (LC)
  • Mingflugesnappar, Ficedula elisae, Green-backed Flycatcher, Weigold, 1922, (LC)
Artar knytt til Himalaya, dels høgdmigrantar, nokre dels konvensjonelle trekkfuglar, mange i stor grad standfuglar
  • Siratflugesnappar, Ficedula strophiata, Rufous-gorgeted Flycatcher, Hodgson, 1837, (LC)
Trekkfuglartar i Eurasia, overvintrar i Afrika eller i sørlege Asia
  • Kashmirflugesnappar, Ficedula subrubra, Kashmir Flycatcher, Hartert & Steinbacher, 1934, (VU)
Standfuglar på øyar i Filippinane og Wallacea
  • Luzonflugesnappar, Ficedula disposita, Furtive Flycatcher, Ripley & Marshall, 1967, (NT)
  • Molukkflugesnappar, Ficedula buruensis, Cinnamon-chested Flycatcher, Hartert, 1899, (LC)
  • Bandflugesnappar, Ficedula timorensis, Black-banded Flycatcher, Hellmayr, 1919, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Robert G.Moyle, Peter A.Hosner, Andrew W.Jones, Diana C.Outlaw Phylogeny and biogeography of Ficedula flycatchers, Molecular Phylogenetics and Evolution (2015) Vol: 82 Pt A, Issue: PA, Page: 87-94 https://doi.org/10.1016/j.ympev.2014.09.029
Referansar
  1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. september 2017 
  2. 2,0 2,1 Taylor, B. (2018). Old World Flycatchers and Chats (Muscicapidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 19. mai 2018
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 (2018). Søk på artar i slekta Ficedula i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta 19. mai 2018
  4. Søk på artsobservasjoner.no
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Notar
  1. 1,0 1,1 1,2 Moyle et al, 2015, gjev ei fylogenetisk hypotese som viser fire geografisk sammenhengende klader innanfor slekta Ficedula. Artslista her følger denne grupperinga i stor grad. Eit unntak, mugimakiflugesnappar som under blir lista saman med dei andre tre andre artane som hekkar lengst aust i Asia. Men rekkefølga er den same som i kjelda, Clementslista.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ficedula
  • Diana C. Outlaw, Morphological evolution of some migratory Ficedula flycatchers, Contributions to Zoology, 80 (4) – 2011, henta frå http://www.ctoz.nl/vol80/nr04/a05 19. mai 2018