Filet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Biffilet
Fiskefiletar

Filet (frå fransk filet, «nettverk», av fil, «tråd») er lange, smale kjøttstykke[1] som blir skorne ut langs ryggrada på slakt av storfe, vilt og svin. Fileten er i hovudsak henta frå den lange ryggmuskelen (longissimus dorsi), indrefileten frå store lendemuskel (psoas major). Filet blir òg brukt om reinskorne, beinfrie stykke av fugl, fisk og sild. Både ryggstykke og heile sider av fisk blir omtalt som filet, som kan vera med og utan skinn.

Filet blir også brukt innan bokbindarfaget om forgylte linjer og finmønstra dekor på ein bokrygg og om handarbeid laga på ein nettbotn.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «filet» i Nynorskordboka.