Fjøreplytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjøreplytt
Fjøreplytt Foto: Andreas Trepte
Fjøreplytt
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigKartet viser utbreiinga til fjøreplytt. Fuglen hekkar i gule område, overvintrar i blå og held til i grøne område heile året.
Kartet viser utbreiinga til fjøreplytt. Fuglen hekkar i gule område, overvintrar i blå og held til i grøne område heile året.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Fjøreplytt C. maritima
Vitskapleg namn
Calidris maritima

Fjøreplytt (Calidris maritima) er ein fugl i snipefamilien som held til i kystområde på den nordlege halvkula, i Europa, Asia og Russland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfuglen og hoa er like store, omtrent 22 cm. Han er mellom myrsnipa og polarsnipa i storleik. Fuglen er tettbygd og kortbeint. Vinter- og sommardrakta er omtrent like. Han er mørkegrå og brun over heile kroppen, bortsett frå buken, som er kvit. Føtene er gule. Fjøreplytten har eit langt, litt bøygd nebb som er mørkebrunt, men gult ved rota. Fuglen har ein mørk flekk ved auget, og ein tilsvarande større flekk ved øyret. Han kan skiljast frå myrsnipa ved at han ikkje har ein svart bukflekk.

Fjøreplytten er også svært lite sky. Han er mest talrik i Nord-Noreg. Fuglen liker seg i vegetasjonsfattige område i låglandet, helst ved vatn.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Fjøreplyttegg

Fjøreplytt hekker på tundra, på ulike stader i Canada, Nordvest-Europa og på Grønland. Fuglen lager reiret i ei grop fylt med tørre blad og liknande. Hoa legg 3 eller 4 grøne eller lysebrune egg med brune flekkar i juni, og både hannfuglen og hofuglen rugar i til saman ca. 21 dagar. Ungane kan fly 3 veker gamle.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Fjøreplytt i fjøra i North Carolina.

Fjøreplytt et insekt og smådyr, men òg vegetabilsk føde. Fuglane lever som regel i små flokkar, gjerne i lag med steinvendarar.

Om vinteren trekker mange fuglar sørover frå hekkestadene til isfrie område langs atlanterhavskysten. Dei dreg sjeldan lengre sør enn North Carolina i USA eller Nord-Portugal i Europa. Dei fleste fuglane i Noreg overvintrar, men nokre trekker sørover til andre nordsjøkystar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjøreplytt