Hopp til innhald

Folkefront

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nemninga Folkefront blir vanlegvis bruka om dei alliansane som blei inngått på venstresida i europeisk politikk for å hindre utbreiinga av fascismen i 1930-åra. Desse alliansane i Frankrike og Spania kalla seg sjølve folkefrontar, såleis Front Populaire i Frankrike og Frente Popular i Spania, som begge vann vala i 1936. I Spania førte danninga av folkefrontregjeringa til at høgresida i landet sette i gang borgarkrigen, under leiing av general Franco.

Det var den kommunistiske Tredje Internasjonalen som på kongressen sin i 1935 slo inn på folkefrontstrategien, etter at dei til da hadde avvist alt samarbeid jamvel med andre sosialistiske parti. Folkefronten skulle ikkje berre omfattte arbeidarrørsla ("arbeidar-einskapsfront"), men også anti-fascistiske borgarlege. Kommunistane meinte derfor politikken til folkefrontane måtte halde seg innanfor borgarlege rammer, dei bremsa såleis radikaliseringa av arbeidarklassen i Frankrike i 1936, og stod jamvel i spissen for undertrykkinga av det radikale venstresosialistiske partiet POUM i Spania i 1937.

I etterkrigstida har nemninga folkefront eller liknande også blitt bruka om valalliansar på venstresida, såleis Den demokratiske folkefronten om valalliansen mellom Det italienske sosialistpartiet PSI og Det italienske kommunistpartiet PCI i 1948, og Folke-einskapen (Unidad Popular) om valalliansen som bringa Salvador Allende til makta som folkevald sosialistisk president i Chile i 1970.