Fosnavåg Øvre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fakta om Fosnavåg Øvre
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Fosnavåg Øvre (gnr 34)
Folkemengd: 103 (2005)
Postnummer: 6090

Fosnavåg Øvre er ein matrikkelgard i Herøy kommune på Sunnmøre og ein del av tettstaden Fosnavåg.

Fosnåvåg Øvre tilsvarar grunnkrinsen Øvre Fosnavåg og er omkrinsa av Nørvåg, Fosnavåg Nedre, Igesund, Eggesbønes og Elsebø. Mesteparten av bygningane i Fosnavåg Øvre er bustadhus, men ein finn og samfunnshuset Bergshall og tomta til gamle Ytre Herøy kyrkje. Skarabakken, riksveg 654 og innfartsvegen til Fosnavåg, går òg gjennom denne krinsen.