Fotball-EM 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europameisterskapen i fotball 1991 var den fjerde europameisterskapen i fotball for kvinner. Tittelforsvarar Vest-Tyskland vart europameister med siger 3-1 etter ekstraomgangar mot Noreg i finalen i Ålborg 14. juli 1991.

Turneringsformatet var det same som ved dei to føregåande meisterskapane. Dei fire deltakarlanda møttest til semifinalar/finalar i eitt av dei fire meisterskapskvalifiserte landa; Noreg, Vest-Tyskland, Italia og Danmark. Meisterskapen vart avvikla dagane 10.-14. juli 1991 i dei danske byane Hjørring, Frederikshavn og Ålborg. I semifinalane spelte vertslandet Danmark og Noreg i Hjørring uavgjort 1-1, fyrst etter ei langvarig straffesparktevling sikra Noreg seg finaleplass. Tittelforsvarar Vest-Tyskland vann 3-0 mot Italia i den andre semifinalen. Danmark fekk bronse etter ekstraomgangar mot Italia og 2-1 i målprotokollen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom tittelforsvarar Vest-Tyskland og Noreg fann stad 14. juli på Aalborg stadion framfor 3 100 tilskodarar. Dei fekk sjå at Birthe Hegstad gav Noreg leiinga i det 54. minutt og at Heidi Mohr utikna åtte minuttar seinare. Fleire mål kom ikkje før enn i fyrste ekstraomgang, då Mohr og Silvia Neid fann nettmauskane tre og fem minuttar ut i omgangen. Dermed forsvarte Vest-Tyskland EM-tittelen frå 1989.

Vest-Tyskland mønstra: Marion Isbert, Frauke Kuhlmann, Doris Fitschen, Jutta Nardenbach, Britta Unsleber, Silvia Neid, Petra Damm, Sissy Raith, Martina Voss, Heidi Mohr og Bettina Wiegmann. Gudrun Gottschlich tok plassen til Unsleber ganske tidleg i andre omgang og Katja Bornschein spelte siste ti minuttane av kampen i staden for Voss.

Noreg stilte med: Reidun Seth, Agnete Carlsen, Liv Strædet, Cathrine Zaborowski, Tina Svensson, Gunn Nyborg, Gro Espeseth, Heidi Støre (kaptein), Hege Riise, Linda Medalen og Birthe Hegstad. Strædet vart bytta ut med Ann Kristin Aarønes i det 70. minutt og Støre med Margunn Humlestøl straks Vest-Tyskland gjekk opp i leiing 2-1. Even Pellerud var norsk landslagssjef.

Dommar var James McCluskey frå Skottland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 91-92.