Frøydis
Hopp til navigering
Hopp til søk
Frøydis er eit kvinnenamn, av norrønt Freydís, samansett av det norrøne gudenamnet Frøy og dis, 'gudinne'.
Frøydis har namnedag 18. februar.
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Namnet Freydis var bruka i norrøn tid, og vart teke i bruk att på slutten av 1800-talet, først registrert i 1875.[1]. Det kom i vanleg bruk i Noreg i 1890-åra, då helst i dei store byane som Kristiania, Trondhjem og Skien. Populariteten nådde ein topp kring 1950, og har sidan gått mykje ned.
- Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet
- Ved folketeljinga i 1900 var 34 registrerte med namnet Frøidis, Frøydis, Freidis eller Freydis.
- I 2008 har 1703 kvinner Frøydis til første fornamn, 15 skriv seg for Freydis.
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Frøydis Eiriksdotter, dotter til Eirik Raude, einaste kjende namneberar frå norrøn mellomalder
- Frøydis Haavardsholm (1896-1984), norsk illustratør
- Frøydis Langmark (f. 1941), norsk lege
- Frøydis Ree Wekre (f. 1941), norsk musikar
- Frøydis Hertzberg (f. 1944), norsk filologiprofessor
- Frøydis Alvær (f. 1945), norsk barnebokforfattar
- Frøydis Armand (f. 1949), norsk skodespelar
- Frøydis Arnesen (f. 1965), norsk forfattar
- Frøydis Grorud (f. 1974), norsk saksofonist, kjend frå Beat for beat
Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Frøydis hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4