Hopp til innhald

François Le Fort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Le Fort

StatsborgarskapRépublique de Genève, Det russiske tsardømet
Fødd2. januar 1656
Genève
Død

2. mars 1699 (43 år)
Moskva

Yrkepolitikar, militær
Språkfransk, russisk
Religionreformed[*]
FarJacques Le Fort
MorFrançoise Lect
François Le Fort på Commons
François Le Fort

François Jacques Le Fort eller Lefort (2. januar 165612. mars 1699) var ein sveitsisk offiser i russisk teneste og Peter den store sin favoritt.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Le Fort var fødd i Genève. Le Fort-familien var hugenottar som flykta frå Piemonte til Genéve og der vart høgt verdsette og velstående handelsfolk. François , son av kjøpmannen og drogisten Jacques Le Fort og kona Françoise Lect, dotter av generalstatsadvokaten Pierre Lect, var veslebror til Ami Le Fort.[treng kjelde]

Sidan faren hadde staka ut for han ei framtid som handelsmann, vart Le Fort i 1672 som 16-åring send frå foreldreheimen i handelslære til Marseille.[1] I 1674 gjekk han i staden inn på militær tenesteveg.

Le Fôra tredde som ung mann i 1674 i inn i nederlandsk krigsteneste. I 1675 reiste han  over Arkhangelsk til Moskva, der han ei tid gjorde teneste som dansk legasjonssekretær. Han fekk ein viss respekt mellom utlendingane i Moskvas tyske forstad (Nemetskaja sloboda).[treng kjelde]

I 1678 gifta han seg med Elisabeth Souhay, dotter av François Souhay, ein fransk oberst i tenesta til tsaren. Han tredde same år òg sjølv inn i tsar Fjodor IIIs teneste som kaptein i den russiske hæren og deltok i felttoga mot tyrkerne og tartarane 1681-89 og avanserte til oberst.

I år 1682 vart han kjend med den unge tsar Peter (seinare - den store) og vart innan kort tid god ven med honom.[treng kjelde]

Le Fort vann Vasilij Golitsyns tillit men slutta seg etter statskuppet i 1689 til tsar Peter og vart i 1694 storadmiral og overgeneral med oppdrag å europeisera krigsvesenet. Han leidde saman med Fjodor Golovin og Patrick Gordon det mislukka Azov-felttoget i 1695 og vart i 1697 guvernør over Novgorod. I åra 1697–98 var han òg ein av dei tre ambassadørane i den russiske sendeferd som reiste til utlandet (til dømes Nederland)  og var i fylgjet til tsar Peter - som skulle vera inkognito. Han hjelpte tsar Peter i  arbeidet med å leggja grunnen til den russiske sjømakt og auka landet sineavlingar og næringar ved å tilkalla tyske og franske kunstnarar og handverkarar.[treng kjelde]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Stadtgeschichtliches Museum Waren (Müritz): Zur Familiengeschichte LE FORT. Waren 2007.