Frank Ricotti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frank Ricotti
Fødd31. januar 1949
FødestadLondon
FødenamnFrank Ricotti
OpphavStorbritannia
InstrumentVibrafon
Verka somjazzmusikar, perkusjonist, trommeslagar

Frank Ricotti (fødd 31. januar 1949 i London) er ein engelsk jazz-vibrafonist og perkusjonist.

Ricotti spelte i National Youth Jazz Orchestra som tenåring, og gjekk på Trinity College of Music (1967–70). Han arbeidde med Neil Ardley (1968–71), Dave Gelly, Graham Collier, Mike Gibbs (1969–72), Stan Tracey (1970), Harry Beckett (1970–72), Norma Winstone (1971) og Gordon Beck (1973–74).

Seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra leia Ricotti sin eigen jazzkvartett. Ei besetning av bandet bestod av gitaristen Chris Spedding, bassisten Chris Laurence og trommeslagaren Bryan Spring som spelte inn albumet Our Point of View, i juli 1969. I 1971 gav han i lag med bassisten Mike de Albuquerque ut albumet First Wind (som 'Ricotti and Albuquerque').

I 1980-åra spelte han med Chris Laurence og John Taylor i gruppa Paragonne, og spelte med Beck igjen i 1984. Etter dette har han hovudsakleg arbeidd som studiomusikar og spelt med artistar som Freddie Mercury, Pet Shop Boys, Swing Out Sister, Belle and Sebastian, Clannad, Barclay James Harvest, Meat Loaf, Elkie Brooks, Rick Wakeman, Tina Turner, Aztec Camera, Thomas Anders, Alphaville og Mark Knopfler.

Mellom 1984 og 1987 skreiv Ricotti musikk for Yorkshire Television- Beiderbecke Trilogy, i same stil som Bix Beiderbecke. Musikken vart framført av bandet hans, Frank Ricotti All Stars, og hadde med Kenny Baker på kornett. Eit album med musikken kom ut i 1988. Seinare, i juni 1993, nådde albumet 73. plassen på den britiske albumlista.[1] Ricotti og bandet hans er med i den siste sesongen der dei spelar i ein jazzklubb.

I 2007 spelte Ricotti vibrafon på Mark Knopfler-albumet Kill to Get Crimson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 463. ISBN 1-904994-10-5.