Kill to Get Crimson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kill to Get Crimson
Studioalbum av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 17. september 2007
Innspelt British Grove Studios, januar-mars 2007
Sjanger Rootsrock, folkrock
Lengd 56:55
Selskap Mercury, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay, Guy Fletcher
Mark Knopfler-kronologi 
Real Live Roadrunning
(2006)
Kill to Get Crimson Get Lucky
(2009)


Kill to Get Crimson er det femte soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 17. september 2007 av Mercury Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA.[1] Tittelen på albumet kjem frå ei linje i songen «Let It All Go». Plateomslaget er teken frå måleriet Four Lambrettas and Three Portraits of Janet Churchman av John Bratby, måla i 1958. Dei første singlane frå albumet var «True Love Will Never Fade» i Europa og «Punish The Monkey» i Nord-Amerika.[2] Albumet debuterte på 26. plass i USA på Billboard 200 og selde kring 23 000 eksemplar den første veka.[3] I Noreg nådde albumet andreplassen på lista og låg inne på Topp 40 i 10 veker. Albumet vart gjeve ut på CD, CD/DVD, dobbel vinyl-LP, og ei luksusutgåve med ein 180g vinyl og ein CD.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]
Okayplayer3/5 stars[4]
Rolling Stone4/5 stars[5]

Allmusic gav albumet 3 av 5 stjerner. Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: ««Heart Full of Holes» har ein gammaldags karnevalaktig sving i mellomspelet, og «Secondary Waltz» er ein enkel, lavmeldt, twostep driven av trekkspel, medan «The Fish and the Bird» er ein enkel allegori som vekkjer minne gamle folkemelodiar og det same gjer «Madame Geneva's». Trass i nokre få folkemelodiar, minnar det meste av Kill to Get Crimson om nok eit lågmeldt, smakfullt album. Knopfler rir på den dempa rytmen slik han alltid har gjort, kanskje enno mei avdempa enn vanleg, men den største forskjellen her er at det ikkje er gitaren som er vektlagt, men songen.»

Turné[endre | endre wikiteksten]

Kill to Get Crimson-turneen for albumet starta 29. mars 2008 i Amsterdam i Nederland og enda 31. juli 2008 i Miami Beach i Florida.[6] Turneen bestod av 94 konsertar i 88 byar. Besetninga på turneen var Mark Knopfler (gitarar, vokal), Richard Bennett (gitarar), Danny Cummings (trommer), Guy Fletcher (klaverinstrument), Matt Rollings (klaverinstrument), Glenn Worf (bass) og John McCusker (fele, cittern). Turneen omfatta seks konsertar i Royal Albert Hall i London, med Bap Kennedy som oppvarmingsartist. Jesca Hoop var oppvarming på den nordamerikanske delen av turneen.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler.

Nr.TittelLengd
1.«True Love Will Never Fade»4:21
2.«The Scaffolder's Wife»3:52
3.«The Fizzy and the Still»4:07
4.«Heart Full of Holes»6:36
5.«We Can Get Wild»4:17
6.«Secondary Waltz»3:43
7.«Punish the Monkey»4:36
8.«Let It All Go»5:17
9.«Behind with the Rent»4:46
10.«The Fish and the Bird»3:45
11.«Madame Geneva's»3:59
12.«In the Sky»7:29
Total lengd:56:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar
  • Rich Cooper – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering
  • John Bratby – plateomslag
  • Fabio Lovino – fotografi

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (2007) Plassering
Australia[8] 41
Austerrike[8] 10
Belgia[8] 11
Danmark[8] 5
Nederland[8] 4
Finland[8] 15
Frankrike[8] 9
Tyskland[8] 2
Italia[8] 2
Irish Album Chart[8] 37
Noreg[8] 2
Polen[8] 5
Portugal[8] 29
Spania[8] 9
Sverige[8] 4
Sveits[8] 3
UK Album Chart[8] 9
US Billboard 200[8][9] 26
US Billboard Rock Album[8][9] 9

Årslister[endre | endre wikiteksten]

År Land Liste Plassering
2007 Tyskland IFPI #75[10]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv 12. oktober 2007
IFPI – Danmark Gull 12. oktober 2007
IFPI – Sveits Gull 2007
IFPI – Noreg Platina 12. oktober 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Kill to Get Crimson». AllMusic. Henta 20. januar 2015. 
  2. Mark Knopfler official web site 2007/08/07
  3. Katie Hasty, «Reba Outmuscles Kanye, 50 To Score First No. 1", Billboard.com, 26. september 2007.
  4. Okayplayer review, arkivert frå originalen 24. desember 2007, henta 22. januar 2015 
  5. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 17. februar 2009, henta 22. januar 2015 
  6. Mark Knopfler Official Website «Tour Archives» Check |url= value (hjelp). Henta 22. januar 2015. 
  7. «Kill to Get Crimson Tour 2008». Mark Knopfler News. Arkivert frå originalen 18. januar 2013. Henta 21. januar 2015. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 8,12 8,13 8,14 8,15 8,16 8,17 8,18 «Kill to Get Crimson». aCharts. Henta 21. januar 2015. 
  9. 9,0 9,1 «Kill to Get Crimson». Billboard. Henta 21. januar 2015. 
  10. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2009, henta 22. januar 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]