Fransk Indokina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den tidlegare franske ekspansjonen i Søraust-Asia.

Fransk Indokina var ein føderasjon av franske koloniar og protektorat i Søraust-Asia, og soleis ein del av det franske koloniveldet. Føderasjonen var samansett av Cochinkina, Tonkin, Annam, som no er statane Vietnam, Laos og den tidlegare Republikken Khmer, no Kambodsja. Føderasjonen varte til 1954.

Det tidlegare Fransk Indokina.

Frankrike la under seg Annam og Tonkin etter den den fransk-kinesiske krigen (18841885). Indokina vart organisert i oktober 1887 og omfatta då Annam, Tonkin, Cochinkina og Khmer-republikken. Laos vart teke med i 1893. Hovudstaden i Indokina var Hanoi.