Franz Roubaud
| Franz Roubaud | |
| Fødenamn | Франц Алексеевич Рубо |
| Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Det tyske keisardømet |
| Fødd | 5. juni 1856 Odesa |
| Død |
13. mars 1928 (71 år) |
| Yrke | kunstmålar, universitetslærar, akvarellmaler |
| Språk | russisk |
| Sjanger | militærvesen avbildet i kunst |
| Franz Roubaud på Commons | |

Franz Roubaud, også kjend som Frants Aleksejevitsj Rubo Francois Iwan Roubaud og Frants Roubaud, ( 17. juni 1856–11. mars 1911) var ein russisk kunstmålar. Han er mest kjend for sine panoramamåleri av slagscener, og bilete som syner folkelivet i Kaukasus.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Franz Roubaud var fødd i Odessa (i dagens Ukraina), og var son av ein kjøpmann som hadde emigrert til Odessa frå Marseille i Frankrike. Franz fekk undervising i teikning frå 6-årsalderen. Frå 1877 til 1878 studerte han i München hos Carl von Piloty, Otto Seitz, Wilhelm von Diez og soldatmålaren Joseph von Brandt. I 1880- og -90-åra reiste han fleire gonger til Kaukasus, og henta motiv derifrå.
Roubaud vart adla i 1889, og hadde ei høg stjerne hos tsarane Aleksandr III og Nikolaj II.
Etter studieopphald i Paris kom han til St. Petersburg, der han var professor ved kunstakademiet frå 1903 til 1912. I 1913 flytta Roubaud til München i Tyskland, han døydde der i 1928.
Verk
[endre | endre wikiteksten]I St. Petersburg måla Roubaud to store panorama. Det eine, 'Beleiringa av Sevastopol' (1904), vart frakta frå St. Petersburg til Sevastopol og utstilt i eit eige museum der. Bygget og det 100 meter lange måleriet vart skadd i 1942, då byen atter var under beleiring. Restaureringa av verket vart sluttført i 1950-åra. Biletet Slaget ved Borodino (1912) vart i 1962 flytta til Poklonnajahøgda i Moskva, og er der ein del av ein krigsminnepark. Eit verk som vart fullført i 1896, Stormen mot Aschulgo, er under restaurering.

Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Franz Roubaud» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2009.