Frédéric Chopin
Frédéric Chopin | |||
| |||
Fødd | 1. mars 1810 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Żelazowa Wola | ||
Død | 17. oktober 1849 (39 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Fødenamn | Fryderyk Franciszek Chopin | ||
Opphav | Frankrike, Det russiske imperiet, Hertugdømet Warszawa, Kongress-Polen, Den andre franske republikken | ||
Aktiv | 1817–1849 | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, musikkpedagog, virtuos, musikar, pedagog | ||
Mor | Tekla Justyna Chopin | ||
Far | Nicolas Chopin | ||
Sambuar med | Maria Wodzińska, George Sand |
Frédéric-François Chopin (1. mars 1810–17. oktober 1849) var ein polsk komponist og pianist. Han vart fødd som Fryderyk Franciszek Chopin, men tok det franske namnet (som han er mest kjend under) då han i ung alder drog tilbake til farens heimland, Frankrike, og slo seg ned i Paris, der han verka det meste av livet sitt. Etternamnet vert nokre gonger skrive Szopen på polsk. Chopin komponerte mesta utelukkande for piano.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Med fransk far og polsk mor vart han fødd i Żelazowa Woła nær Warszawa i Polen, og starta den musikalske utdanninga si i 1816. Han komponerte sitt første verk i 1817 og heldt sin første offentlege konsert i 1818. Han studerte musikk først hos Joseph Elsner og etter 1826 ved musikkakademiet i Warszawa. Han var først og fremst klassisk utdanna, med vekt på Bach, Mozart og Haydn. På grunn av dei svært begrensa tilhøva i Warszawa, drog han som tjueåring til Wien for å skape seg ei karriere, men den austerrikske hovudstaden hadde nok av talentfulle pianistar, og han vart ikkje lagt særleg merke til. Deretter drog han til Paris, der han vart verande resten av livet.
Blant Frédéric Chopins venner var Franz Liszt, Vincenzo Bellini (som han er gravlagd ved sida av Père Lachaise) og Eugène Delacroix. Han var også ein venn av komponistane Hector Berlioz og Robert Schumann. Chopin var ikkje tilhengar av deira musikk, men dediserte nokre av sine komposisjonar til dei.
For å minnast Frédéric Chopin vert det kvart fjerde år heldt ein internasjonal pianokonkurranse i Warszawa.
Chopin og George Sand
[endre | endre wikiteksten]Chopins kanskje mest kjende vennskap var med forfattarinna George Sand, eit forhold som varte i ti år, til dei vart samde om å skilje lag da Chopins sjukdom vart verre. Ein nemneverdig episode i deira liv saman var ein turbulent og miserabel vinter på Mallorca, kor dei var det meste av tida i uoppvarma hytter. Desperasjonen frå denne tida kan sporast i dei 24 preludia (op. 28), som Chopin skreiv mesteparten av tida på Mallorca. Klimaet fekk ein så alvorleg innverknad på Chopins helse (han leid av ein kronisk lungesjukdom) at han og George Sand var nøydde til å dra attende til Paris for å berge livet hans. Han overlevde, men vart aldri heilt frisk att etter dette opphaldet.
Død og gravferd
[endre | endre wikiteksten]Chopins dødsårsak var offisielt tuberkulose, sjølv om det vert spekulert i om han eigentleg døydde av andre lungesjukdomar som cystisk fibrose eller lungeemfysem. Han hadde ønskte at Mozarts rekviem skulle framførast i gravferda hans, som skulle haldast i Madeleinekyrkja. Rekviemet inneheld større delar kvinneleg koring, men Madeleinekyrkja hadde aldri tillate kvinnelege songarar i koret sitt. Gravferda vart utsett mesta to veker mens debatten raste. Til slutt gav kyrkja etter og oppfylte Chopins ønskje. Han vart gravlagd i Paris, men som Chopin hadde bede om, vart hjarta hans frakta til Polen og murt inn i den heilage krosskyrkja i Warszawa.
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Musikken hans høyrer heilt klart til i romantikken i den klassiske musikken, men Chopin likte ikkje omgrepet og ville ikkje assosierast med det.
Alle stykka hans, utan unntak, inkluderer piano. Dei fleste av desse er skrivne for solo piano, men det er også eit mindre tal verk for andre instrument og song.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Solopiano
[endre | endre wikiteksten]- 4 balladar
- 1 bolero
- 2 bourréar
- 3 ecossaiser
- 27 etydar
- 2 fantasiar (1 om du ser bort frå Fantaisie-Impromptu)
- 1 fuge
- 4 impromptu (3 bortsett fra F.-I.)
- 58 masurkaer
- 21 nocturnes
- 17 polonesar (inkludert hybridstykket som består av Andante spianato for solopiano og Grande polonaise brillante for piano og orkester).
- 26 preludium
- 4 scherzoar
- 3 sonatar
- 19 valsar
Piano og orkester
[endre | endre wikiteksten]- 2 konsertar for piano og orkester
- 4 andre verk - Variasjonar av La ci darem la mano; Krakowiak; Grand Fantaise on Polish Airs; Andante spianato and Grande Polonaise brillante
Vokal
[endre | endre wikiteksten]- 20 songar på polsk for songstemme med piano.
Kammermusikk
[endre | endre wikiteksten]Anna
[endre | endre wikiteksten]- Asteroide 3784 Chopin er oppkalla etter komponisten.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografiar (Project Gutenberg e-texts):
- Life of Chopin, av Franz Liszt Arkivert 2004-10-14 ved Wayback Machine.
- Frederick Chopin as a Man and Musician, av Frederick Niecks Arkivert 2004-10-14 ved Wayback Machine.
- Chopin: The Man and his Music, av James Huneker Arkivert 2004-10-14 ved Wayback Machine.
- Chopins samlede verker på Classical Music Archives
- Den internasjonale Frederick Chopin-pianokonkuransen
- Chopin 2010 Arkivert 2010-03-05 ved Wayback Machine.