Frederik Borchsenius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederik Borchsenius
Fødd 10. januar 1808
Værum
Død

12. desember 1880
Skien

Yrke fut, politikar

Frederik Charlow Sophus Borchsenius (10. januar 180812. desember 1880) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.

Borchsenius var fødd i Værum på Jylland i Danmark. Han var brorson av Laurentius Borchsenius og kom til Noreg i 1829 då han fekk arbeid hos han. I 1832 tok han norsk juridisk eksamen og var deretter fem år fullmektig hos sorenskrivaren i nedre Telemark. Norsk statsborgar i 1837, same året konstituert fut i nedre Telemark. 1841-43 underrettsprokurator i Bratsberg amt. Frå 1844 til 1879 var han fut i nedre Telemark. Siste leveåret konstituert amtmann i Bratsberg.

Borchsenius var i 1843 medlem av ein kongeleg kommisjon om utvandring. Elles var han styreformann i sparebank i Skien, fyrst, og sidan Gjerpen.

Borchsenius representerte Bratsberg amt på Stortinget i 1842, 1845, 1848, 1854, 1857, overordentleg storting 1858, 1862-63 og overordentleg storting 1864. Han var sekretær i Stortinget 1842-1848. Elles mellom anna formann i desisjonskomiteen og sekretær i lovkomiteen i 1842, formann i protokollkomiteen i 1848. Medlem av vegkomiteen i 1854 og 1857. 1862-63 var han sekretær i bankkomiteen og medlem av matrikkelkomiteen.

Borchsenius døydde ved Skien i 1880.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]