Fridans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loie Fuller i 1902.
Ruth St. Denis i gammalegyptisk-inspirert kostyme, i 1910.
Anna Duncan ved havet kring 1915.
Hilde Holger i 1926.
Danseelevar frå Rudolf von Laban sin danseskule i 1930.
Mary Wigman med elevar 1959.

Fridans (tysk Ausdruckstanz eller neuer Tanz, engelsk expressionist dance) er ei nemning på ein rørelse som oppstod ved hundreårsskiftet 1900 som ein protest mot konstnärlig stagnasjon innanfor klassisk ballett og mot forfall innanfor tidas kunst i allmente. Den tradisjonelle balletten blei forstått som spent, mekanisk og underlagt faste og konvensjonelle former.

Den nye dansen skulle vera friare, naturleg og mindre regelstyrt. Han var sterkt påverka av den samtidige ekspresjonismen i biletkunsten. Fridansen blomstra fram til andre verdskrigen, og forsvann deretter nesten fullstendig i Sentral-Europa.

Typisk for fridansen var dei mange solodanstilstellingane, forma av enkelte individ sin trong til å skapa og framføra sitt eige kunstverk. Koreograf og dansar var ofte ein og same person.

Terminologien er skiftande og omgrepet «fridans» kom til på midten på 1900-talet å gå opp i det breiare omgrepet moderne dans. På slutten av 1900-talet kom dette i høg grad til å gjenforeina seg og smelta ihop med den tradisjonelle balletten.

Kulturarvvern frå UNESCO[endre | endre wikiteksten]

I 2014 blei den sentraleuropeiske fridansrørsla opp på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.[1] Føregangsfigurar som Rosalia Chladek, Rudolf von Laban, Mary Wigman, Gret Palucca, Maja Lex og Kurt Jooss blei framheva for å ha teke del i eit banebrytande og innovativt kunstnarisk, koreografisk og pedagogisk arbeid med å sameina dans, rørslekunst, rytmisk gymnastikk, kroppskultur og scenekunst til ei verdifull levande kulturarv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fridansen var forma av samtidig modernisme, vitalisme, ekspresjonisme, avantgarde og var ein generell protest mot kunstnarisk stagnasjon og det gamle samfunnet.

Ballett blei oppfatta som å ha vore flyktig underhaldning. Den nye dansen skulle vera kunst, individuell og kunstarisk rørsle. Ein tlaa om dansekunst eller rørslekunst.

Dette var ein revolusjon. Dansen skulle ha meir uttrykk, ånd og kjensle og mindre virtuositet. Han skulle vera improvisatorisk, uhemma og provoserande. Reformrørslene i samtida for åndeleg og kroppsleg frigjortheit uttrykkte seg i denne nye, «naturlegare» dansekunsten. Kvinnene tok plass og kom å stå i sentrum. Ein viktig forgrunnsfigur var Isadora Duncan, som kring år 1900. hadde teke avstand frå klassisk danseteknologi og kostyme. Ho hadde til og med hadde gitt opp danseskorne – «ein speler ikkje piano med hanskar på». Ho ville sameina kropp, sjel og ånd i kunsten sin, og søkte samtidig som Olga Desmond – i ei tid prega av orientalisme – inspirasjon i gammalgresk og egyptisk kunst.

Mest tydelege var desse revolusjonære strøymingane i Tyskland og USA, to land som ikkje hadde nokon eldre grunnfest ballettradisjon. Føregangarar i Europa var til dømes Clotilde von Derp, Hertha Feist, Hilde Holger, Loie Fuller, Jo Mihaly, Gertrud Leistikow og framfor alt Mary Wigman.

Mary Wigman var ein viktig stildannar som dansar, koreograf og lærar. Ved hennar skule i Dresden (opna i 1920) fanst elevar som kom til å vera blant dei fremste dansarane i Europa, som Gret Palucca, Harald Kreutzberg, Jeanna Falk, Dore Hoyer og Yvonne Georgi. I USA førte Hanya Holm teoriane hennar vidare, medan Birgit Åkesson gjekk sin eigen veg.

I USA grunnla Ruth St. Denis og Ted Shawn Denishawn School med elevar som Martha Graham og Doris Humphrey, som med sine sjølvstendige og banebrytande dansemåtar kom til å danna reisverket for den moderne dansen, som har utvikla seg fram til i dag i fleire forgreiningar.

Butoh er inspirert av tysk fridans (neuer Tanz) frå 1950-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fridans