Friedrich Wöhler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Wöhler

Fødd31. juli 1800
Frankfurt am Main, Eschersheim
Død23. september 1882
Göttingen
NasjonalitetKongedømet Preussen, Kurfyrstedømmet Hessen, Hessen-Kassel, Det tyske keisardømet
Områdekjemi
Yrkekjemikar, universitetslærar, biokjemikar
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Berliner Gewerbeschule
Alma materPhilipps-Universität Marburg
Universitetet i Heidelberg
DoktorgradsrettleiarLeopold Gmelin
Jöns Jacob Berzelius
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Göttingens vitenskapsakademi
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det bayerske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Académie nationale de médecine
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Friedrich Wöhler (fødd 31. juli 1800 i Eschersheim (Frankfurt am Main), død 23. september 1882) var ein tysk kjemikar, mest kjend for syntesen sin av urea (urinstoff) 1828. Dette var det første organiske stoffet som vart laga syntetisk frå heilt ikkje-organiske utgangsstoff. Dette førte til at ein gjekk bort frå teorien om at ein trong ei særleg «livskraft» (vitalitetsprinsippet) for å skape karbonsambindingar. Wöhler var òg først til å isolere mange av grunnstoffa.

Wöhler vart fødd i Eschersheim, i dag eit distrikt i Frankfurt am Main. I 1823 avslutta Wöhler medisinstudiane sine i Heidelberg ved laboratoriet i Leopold Gmelin som arrangerte eit høve for Wöhler å arbeide hos Jöns Jakob Berzelius i Stockholm. Frå 1825 til 1831 var Wöhler lærar ved yrkesskulen i Berlin, frå 1828 med tittelen professor. Frå 1831 til 1836 var han professor ved den høgare yrkesskulen (Polytechnikum) i Kassel. Etter Friedrich Stromeyer døydde i 1835 vart Wöhler i 1836 etterfølgjaren hans i professoratet i medisin, kjemi og farmasi ved Universitetet i Göttingen og arbeidde der til han døydde i 1882.

Wöhler var medlem av Vitskapsakademiet i Göttingen og vart i 1834 innvalt som utanlandsk medlem av den svensken Kungliga Vetenskapsakademien.

Priser og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Friedrich Wöhler