Gåsegribb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gåsegribb
Gåsegribb Foto: Markel Olano
Gåsegribb
Foto: Markel Olano
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gåsegribb
Utbreiinga av Gåsegribb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Gyps
Art: Gåsegribb G. fulvus
Vitskapleg namn
Gyps fulvus

Gåsegribb (Gyps fulvus) er ein stor gribb i haukefamilien Accipitridae. Han har utbreiing i nordvestre Afrika og på Den iberiske halvøya, dessutan spreidde førekomstar austover middelhavsregionen inkludert dei store øyane som Kreta og Kypros til Balkan. Det største utbreiingsområdet er frå Tyrkia og Den arabiske halvøya austover til Nord-India.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gåsegribbar er 93-110 centimeter lange med eit vengespenn på opptil 2,7 meter. Kroppsvekta kan variere mellom 6 og 10 kilogram.[1] Han har ein typisk gribbutsjånad, med breie venger og korte halefjør. Han har ein kvit hals, eit kvitt hovud og gult nebb. Gulbrun kropp og vengdekkarar står i kontrast til dei mørke vengfjørene.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Som andre gribbar er han ein åtseletar, og beitar hovudsakleg på dyrekadaver som han finn ved å sveve over opne område, ofte i flokkar. Dei etablerer lause hekkekoloniar i fjellveggar som er uforstyrra av menneske, ofte med vide habitat av opne område der dei søkjer føde.

Kvart kull er på eitt egg. Den lengste levetida som er notert for ein gåsegribb er 41,4 år, det var eit individ i fangenskap.[2]

Dette er i stor grad ein standfugl, men òg delvis trekkfugl, til dømes kan ungfuglar og ikkje-kjønnsmodne individ treffast i Afrika sør for Sahara, i land som Senegal, Mali, Niger, Sudan og Etiopia.[1]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Populasjonen i delar av utbreiingsområdet minka gjennom 1800-talet og 1900-talet,[3] men har auka i Europa etter tusenårskiftet på grunn av tiltak med introduksjon i nokre område der han var utdøydd.

Den viktigaste årsaka til den raske nedgangen i storleiken på bestanden var ulovleg bruk av gift i åte meint for rovdyr. Andre giftkjelder i føda er framleis identifisert som trugsmål, eit døme er tilfellet frå Spania i 2012 der eit individ var daudt etter forgifting av ikkje-steroide antiinflammatoriske midlar brukt av veterinærar. Den totale globale populasjonen er estimert til å ligge mellom 0,5 og 1 millionar kjønnsmodne individ.[3]

Fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Gåsegribb i sveveflukt nordvest for Madrid, Spania
Foto: Juan Lacruz

Gåsegribbar har blitt brukte som modellorganismar for studiar av sveveflyging og termoregulering.

Gåsegribbegg

Energikostnadene for store fuglar ved flyging i konstant høgd har tendens til å vere høg om dei flyg på konvensjoenlt vis med å slå vengeslag. Men nokre fuglar, og gribbar spesielt, utnyttar meir effektive metodar som sveveflyging. I ein studie har ein funne at samanlikna med andre fuglar, som hevar stoffskiftet til i overkant av 16 gonger det basale nivået når dei flyg,[4] vil gåsegribbar i sveveflyging komme opp i berre 1,43 gonger basalt nivå i flukt. Gåsegribbar er òg effektive flygarar målt i evna til å vende tilbake til ein kvilepuls etter flytur innan ti minutt.[5]

Ein har ikkje observert at gåsegribbar søkjer ly for å termoregulere. Ein studierapport legg framlegg om at gribbar brukar område med naken hud som eit middel for å termoregulere i både ekstrem kulde og varme temperaturar. Ved å endre på kroppshaldinga kan dei variere dei nakne hudområda for eksponering til luft frå 7 % til 32 % av kroppsoverflata. Denne endringa gjer det mogleg for meir enn ei dobling av konvektivt varmetap i stilleståande luft.[6] Gåsegribbar vil òg tole økt kroppstemperatur som ein respons på høge lufttemperaturar. Ved å variere kroppstemperaturen uavhengig av stoffskiftet, kan gåsegribbar minimalisere tapet av væske og energi ved hjelp av temperaturreguleringa.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Orta, J., Kirwan, G.M., Boesman, P., Garcia, E.F.J. & Marks, J.S. (2016). Eurasian Griffon (Gyps fulvus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. juni 2016
  2. Carey, James R.; Judge, Debra S. «Longevity Records: Life Spans of Mammals, Birds, Amphibians, Reptiles, and Fish». Monographs on Population Aging, 8. Odense University Press. Henta 13 September 2011. 
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2016) Species factsheet: Gyps fulvus Arkivert 2015-05-02 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. juni 2016
  4. Gavrilov, V. M. (26. november 2011). «Energy expenditures for flight, aerodynamic quality, and colonization of forest habitats by birds». Biology Bulletin (på engelsk) 38 (8): 779–788. ISSN 1062-3590. doi:10.1134/S1062359011080024. 
  5. Duriez, Olivier; Kato, Akiko; Tromp, Clara; Dell'Omo, Giacomo; Vyssotski, AlexeiL.; Sarrazin, François; Ropert-Coudert, Yan (15. januar 2014). «How Cheap Is Soaring Flight in Raptors? A Preliminary Investigation in Freely-Flying Vultures». PLOSONE 9 (1): e84887. ISSN 1932-6203. PMC 3893159. PMID 24454760. doi:10.1371/journal.pone.0084887. 
  6. Ward, Jennifer; McCafferty, Dominic J.; Houston, David C.; Ruxton, Graeme D. (1. april 2008). «Why do vultures have bald heads? The role of postural adjustment and bare skin areas in thermoregulation». Journal of Thermal Biology 33 (3): 168–173. doi:10.1016/j.jtherbio.2008.01.002. 
  7. Prinzinger, Roland; Nagel, B.; Bahat, O.; Bögel, R.; Karl, E.; Weihs, D.; Walzer, C. (1. oktober 2002). «Energy metabolism and body temperature in the Griffon Vulture (Gyps fulvus) with comparative data on the Hooded Vulture (Necrosyrtes monachus) and the White-backed Vulture (Gyps africanus)». Journal für Ornithologie (på engelsk) 143 (4): 456–467. ISSN 1439-0361. doi:10.1046/j.1439-0361.2002.02039.x. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gåsegribb