Gabriel Moseid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Moseid
Gabriel Endresen Moseid.jpg
Fødd 10. oktober 1882
Vennesla
Død

4. august 1961

Gabriel Endresson Moseid (10. oktober 18824. august 1961) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vennesla som i tida frå 1919 til 1953 representerte Vest-AgderStortinget, fyrste valperioden for Venstre, sidan for Bondepartiet. Han var bestefar til Edvard Moseid.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Moseid var son til ein gardbrukar. Etter ein skulevinter på amtsskulen 1899–1900, gjekk han deretter i to år på Søgne landbruksskule. I 1909 tok han over farsgarden på Moseid og dreiv denne i fleire tiår.

Han engasjerte seg tidleg i bygdestellet, formann i Vennesla Skyttarlag eitt år og Vennesla Idrettslag i to år. Få 1910 til -22 var han med i kommunestyret i Vennesla, ordførar 1919–22. I åra frå 1915 til -21 var han også bokhaldar og kasserar i Vennesla Sparebank.

Moseid møtte perioden 1919-21 på Stortinget som vararepresentant for Venstre. Då Bondepartiet vart stifta i 1921 melde han overgang og kom med i hovudstyret for partiet i 1922, ein posisjon han hadde i 25 år. Han var stortingsrepresentant for Bondepartiet frå 1922 til 1953. Då partikollega Jens Hundseid var statsminister 1932-33, var Moseid parlamentarisk leiar i Bondepartiet. Frå 1934 til 1945 var han president i Lagtinget. På Stortinget var han medlem av Finanskomiteen 1945-49 og Utanrikskomiteen 1950-53. Han var elles riksrevisor 1931-46 og 1947-54, og styreformann i Statens Husbank 1948-49. Moseid, som var «[s]erleg vel inne i økonomiske spørsmål og grunnlovsspørsmål» var med i ei rad utval og kommisjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]