Galadriel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Galadriel, og kalla Nerwen Artanis, er ei sentral alvekvinne i forfattarskapen til J.R.R. Tolkien. Ho har ei viktig rolle i Ringdrotten, og er ein samanbindande lekk mellom denne boka og det tidlege legendariet, presentert i endeleg form i Silmarillion.

Silmarillion[endre | endre wikiteksten]

Galadriel vart fødd i sæleriket Valinor, som yngste born og einaste dotter av Finarfin og Eärwen av Alqualondë. I den første tida er det fortald at ho gjerne reid på veiding med sønene til Fëanor og brørne sine, og var kjend som ei djerv alvejente. Ho var og byrg av natur, og håret hennar var kjend som fagert, med farge av glimande gull. Seine tekstar legg vekt på at ho ikkje let nokon klippe seg, sjølv om Fëanor sjølv ønskte å innfatte det i smedverket sitt.

Då Noldoane gjorde opprør mot valane, svor ikkje Galadriel nokon eid, men vart eggja av tanken på vide land der ho sjølv kunne rå i Midgard. Dermed følgde ho med brørne sine til Midgard, og kom under Mandosdomen saman med brørne sine. I Midgard fann ho snart gjestevenskap hjå kong Thingol i Doriath, og vart nær ven av dronninga Melian. Her møtte ho og Celeborn, som var brorson av kongen. Desse to heldt saman i ævene som følgde.

Som kvinne hadde ikkje Galadriel noka rolle i krigane som herja Beleriand, men ho kom unna øydinga på slutten av den heimsæva, og reiste over fjella til Eriador og lenger aust. Her kom ho med tida til å slå seg til i Lothlórien.

Andre og tredje heimsæve[endre | endre wikiteksten]

Dei tre alveringane vart smidde om lag 1600 i den æva, og snøgt løynde for Sauron. Celebrimbor sende ein av dei, Nenya, til Galadriel for at ho skulle vakte han. Med denne kom ho til å skapa om landet Lórinand slik at det kom til å minne meir om Doriath, og sett under magisk vern. Då Amroth, som var konge av Lothlórien, vart borte, tok Galadriel og Celeborn over styringa av landet som herre og frue. Då trollmennene kom over sjøen, fagna ho særskilt Gandalv, og vart ei førande kraft i Kviterådet saman med Elrond. Alveringane var no hjå desse tre. Galadriel og Celeborn hadde dottera Celebrían, som vart gift med Elrond. Ho var mor til Arwen.

Ringdrotten[endre | endre wikiteksten]

I Ringdrotten tek Galadriel og Celeborn seg av Ringens brorlag etter at Gandalv er fallen og rekna som daud i Moria. Frodo og Sam får løyve til å sjå i Galadrielsspegelen, som ho nyttar til å finne ut kva som hender i verda, og Frodo tilbyd ho den Eine ringen. Galadriel greier å motstå denne freistnaden, og det er sagt at dette avslaget gjev ho nåde for Valane slik at ho, som den siste av noldoane i kongeætta, kan reise attende til Valinor, noko ho gjer på slutten av boka. Det er og ho som gjev Sam den øskja med alvejord som blir til signing for Heradet, med eit frø av eit Mallorntre i følgje.

Når Gandalv kjem attende frå slaget på tinden, der Balrogen fall, er det Galadriel som kler han opp og sender han ut med råd til dei andre i laget. Ho reiser sidan i bryllaupet til Aragorn og Arwen, og sidan vest over havet i følgje med Gandalv, Elrond, Frodo og Bilbo.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Galadriel var eit bruksnamn ho fekk på grunn av det fagre håret. Namnet er eit sindarsk avbrigde av quenya-forma Alatariel (Strålande fruve). Fødenamnet hennar var Nerwen, og mor hennar kalla ho Artanis. Folket hennar i Lothlórien (galadhrim) brigda ofte namnet hennar til «Galadhriel» (tre-frua). Elles er ho kjend som «skogsfrua» eller «seidkona i gullskogen», særleg mellom folk i Rohan («Skogsfrua» er elles eit nemne på huldra).

Omarbeidingar[endre | endre wikiteksten]

Soga om Galadriel og Celeborn var ei side ved legendariet Tolkien aldri vart heilt ferdig med. Han streva med dette stoffet heilt til dei siste åra han levde, og ønskte sistpå å skrive om heile Silmarillion for å orsaka ferda hennar til Midgard, og å distansere ho heilt frå Fêanor. Dette siste vart berre liggjande som handskrivne utkast. Galadriel vart og innarbeid i legendariet etter at Ringdrotten kom ut. Det finst tidlege tilvisingar til ei alvekvinne med gyllent hår, men dette draget var tiltenkt Finduilas, som var "einaste ætling av Finrod" i dei tidlege Silmarillion-utgåvene. Somme tilvisingar av same slag gjeld og Idril, dotter av Turgon.

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

I Peter Jackson si filmatisering av Ringdrotten vart Galadriel spela av Cate Blanchett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • J.R.R. Tolkien (1994). Silmarillion. Oslo: Tiden.  [Omsett av Torstein Bugge Høverstad]
  • J.R.R. Tolkien (1988). Ringenes herre. Oslo: Tiden.  [Omsett av Torstein Bugge Høverstad]