Gaulosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaulosen sett frå Byneset mot Øysand

Gaulosen er ein fjordarm av Orkdalsfjorden i Skaun og Trondheim kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover til Øysanden der elva Gaula munnar ut i fjorden. Fjorden er kalla opp etter elva.

Fjorden har innløp mellom Lundneset i sør og Vevikneset i nord. Heile vegen rundt fjorden er det busetnader. På nordsida er det mindre grender som Vevik, Byneset, Høyem, Mule, medan sørsida har større bygder som Brekka, Buvika og Børsa. Europaveg 39 går langs heile sørsida av fjorden. Koordinatar: 63°20′49.924″N 10°5′27.391″E