Øysand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°19′55.024″N 10°13′39.306″E

Øysand

Øysand er ei grend lengst nord i Melhus kommune. Elva Gaula dannar grense i nord og aust mot Leinstrand i Trondheim kommune. Mot vest ligg ei langgrunn sandstrand ved Gaulosen, ein arm av Trondheimsfjorden. Lengst sør kryssar E39 frå Klett mot Orkanger. Øysand er ei flat slette der det meste av flatevidda vert nytta til dyrking av korn. Det finst òg noko industri, og ein campingplass ved stranda. Den mest vidkjende øysandingen er skodespelaren Ivar Gafseth, som er kjend frå The Julekalender og Trøndelag Teater.

Under andre verdskrig planla tyskarane å byggja opp ein ny by i området, som skulle verta kalla Neu-Drontheim (Ny Trondheim). Etter planen skulle byen ha fleire hundre tusen innbyggjarar, og vera knytt til ei stor marinehamn.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.