Gianmarco Tamberi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gianmarco Tamberi


Statsborgarskap Italia
Fødd 1. juni 1992 (31 år)
Civitanova Marche
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, EM i friidrett innendørs 2019 – Høydehopp menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Høgdehopp menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Høydehopp menn

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste

Gianmarco Tamberi (fødd 1. juni 1992) er ein italiensk høgdehoppar frå Civitanova Marche som vart europameister i 2016 og olympisk meister i 2021.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2015 sette Tamberi italiensk rekord i Köln der han tok seg over 2,34 meter. Like etter forbetra han rekorden til 2,37 m i eit stemne i Eberstadt. Innandørs-sesongen 2016 hoppa han 2,38 m då han sigra i ei tevling i Hustopeče i Tsjekkia, og 2,36 m då han tok fyrsteplassen i hall-VM i Portland i Oregon. 10. juli 2016 var han den einaste som klarte 2,32 m i EM-finalen i Amsterdam. Fem dagar etter forbetra han den italienske rekorden til 2,39 meter i Monaco.

Tamberi kom tilbake i gammal form i 2021. Under dei olympiske leikane 2021 i Tokyo stod han og Mutaz Essa Barshim frå Qatar heilt likt etter at begge reiv i alle tre forsøka på 2,39 m, og ingen hadde riv tidlegare i tevlinga. I staden for å halde fram å tevle, valde dei to å dele fyrsteplassen og begge fekk OL-gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]