Robert Grabarz
Robert Grabarz | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 3. oktober 1987 (35 år) Enfield Town |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018 |
Robert Karl Grabarz (fødd 3. oktober 1987) er ein britisk friidrettsutøvar frå Enfield som tevlar i høgdehopp. Han vart europameister i øvinga i 2012, same sesongen vann han bronsemedaljen under OL i London.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Grabarz mislukkast i å kvalifisere seg til friidretts-VM 2011. Dette fekk han til å skjerpe treninga. Allereie i januar 2012 fekk han sitt internasjonale gjennombrott då han gjekk over 2,34 meter under eit innandørsstemne i Wuppertal. Hans gamle personlege rekord var på 2,28 m.
I juni 2012 vann Grabarz gullmedaljen i høgdehopp i friidretts-EM i Helsingfors ved å ta seg over 2,31 m. Han fylgde opp prestasjonen under dei olympiske leikane i London i byrjinga av august ved å vinne ein bronsemedalje, etter å ha klart 2,29 m i fyrste forsøk i finalen. Også Mutaz Barshim frå Qatar og Derek Drouin frå Canada fekk kvar sin bronsemedalje. Ivan Ukhov frå Russland vann OL-gullet med 2,38 m.
Etter sigrar i DL-stemna i Roma og Birmingham vann Grabarz høgdehopp-trofeet i Diamond League 2012. Den 23. august 2012 sette han personleg rekord med 2,37 meter under eit DL-stemne i Lausanne, ei tangering av den britiske rekorden som Steve Smith sette i 1992.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- EM 2012 i Helsingfors: Gullmedalje – 2,31 m, framom Raivydas Stanys (2,31 m)
- OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2,29 m
- VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 2,29 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Robert Grabarz» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2014.
- Einskildmenn
- Fødde i 1987
- Britiske høgdehopparar
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016