Gimmeland
| Gimmeland | |||
| stad | |||
Gimmeland | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Bergen | ||
| Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
| Gardnummer | 61 | ||
| Ferdselsårer | Fv165 Bontveitvegen | ||
| Wikimedia Commons: Gimmeland | |||
Gimmeland er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Bontveitvegen i den lange dalen nordaust for Kalandsvatnet.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem truleg av Gymbuland, og kan ha samanheng med eit elvenamn, Gymba, eller gumba, som tyder gomme, ein raudkokt ost av ferskmjølk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden høyrte i slutten av mellomalderen til domkapitlet i Bergen, og låg frå 1617 til bispestolen. Sidan 1873 har garden vore i bondesjølveige.
Under den første verdskrigen vart det utnytta jernertsførekomstar her.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Garden ligg i dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet og oppover mot Bontveit, mellom Solbakkafjellet (458 moh) i aust og Stignevatnet og Hedneåsen i vest.
Garden grensar til Hedno i vest, Riple i nord, Frotveit og Fjelltveit i nordaust, Haugland i aust og sør, og Almeland i sørvest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.