Hedno
| Hedno | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Bergen | ||
| Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
| Gardnummer | 60 | ||
| Ferdselsårer | Hednevegen, Hednemyrsvegen | ||
Hedno eller Henne er ein gard i Gimmelandsdalen i Fana i Bergen kommune. Garden ligg i åsen vest for dalføret til Austevollselva og nordaust for Kalandsvatnet.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem truleg av det norrøne Hellnar som kjem av hellr, som tyder «stein».
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden låg i mellomalderen til Munkeliv kloster og vart etter reformasjonen krongods. I 1661 vart garden kjøpt av generaltollforvaltar Herman Garmann. I 1708 tok bøndene på garden sjølv over eigarskapen.
Her er framleis gardsdrift.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Garden ligg vest for Austevollselva og strekkjer seg vestover til Stignavatnet. I nord ligg Hedneåsen (310 moh) og i sør Vardafjellet (337 moh). Garden sjølv ligg om lag 210 moh.
Garden grensar til Fjellbirkeland i nordvest, Stigen i vest, Nedre Sandven i sørvest, Smådal i sør, Almeland i søraust, Gimmeland i aust og Nedre Totland og Riple i nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.