Giovanni Battista Riccioli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giovanni Battista Riccioli
Giovanni Battista Riccioli.jpg
Fødd17. april 1598(1598-04-17)
Ferrara (dagens Italia)
Død25. juni 1671 (73 år)
Bologna (dagens Italia)
NasjonalitetItaliensk
OmrådeAstronomi
Yrkeselenographer, teolog, astronom, kartograf, universitetslærar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Bologna
DoktorgradsrettleiarGiuseppe Biancani

Giovanni Battista Riccioli (17. april 159825. juni 1671) var ein italiensk astronom og katolsk prest i jesuittordenen. Han er mellom anna kjend for eksperimenta sine med pendlar og fallande lekamar.

Han var professor i filosofi, teologi og astronomi i Bologna. I 1651 kom boka hans Almagestum Novum, som var eit samanfattande verk over astronomi. Det inneheld mellom anna eit kart over månen med namn gjevne av Riccioli, men teikna av F. M. Grimaldi. Over 200 av namna (òg hans eige) går att på moderne månekart. Dei namnereglane han stilte opp den gongen, dannar grunnlaget for månenomenklaturen vår.

Ei vollslette på månen er oppkalt etter Riccioli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]