Giovanni Luppis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giovanni Luppis
Barone Giovanni Lupis von Rammer.jpg
Fødd 27. august 1813
Rijeka
Død

11. januar 1875
Laglio

Yrke marineoffiser, oppfinnar

Giovanni Biagio Luppis von Rammer (27. august 181311. januar 1875), også kjend under den kroatiske forma av namnet sitt, Ivan Vukić, var ein offiser i den austerriksk-ungargske marinen som utvikla dei første prototypane for den sjølvdrivne torpedoen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Giovanni Luppis (eller Ivan Lupis) vart fødd i Fiume (noverande Rijeka) i 1813. Byen var då ein del av i Dei illyriske provinsane, men gjekk snart tilbake til Austerrike. Foreldra hans var Ferdinando Carlo, ein adelsmann av Poreč og Vis, og Giovanna Parich (Parić, Perić), ei adelskvinne frå Republikken Dubrovnik. Den blanda italienske og kroatiske bakgrunnen gjorde at familien hans tidvis var kjend som Luppis eller Lupis, som er latin for 'ulv', og tidvis som Vukić, ei kroatisk form av namnet. Han sjølv er tidvis blitt kalla Ivan Vukić, særleg av kroatar.[1]

I Rijeka hadde familien til Giovanni Luppis lenge vore mektige reiarar.[2] Luppis utdanna seg ved eit gymnas i byen og deretter Collegio di marina, det austerrikske marineakademiet i Venezia. Han blei gift med baronesse Elisa de Zotti.

Luppis tente i den austerriksk-ungarske marinen (Venezianisch-Österreichische Kriegsmarine, etter 1849 K.u.K Kriegsmarine[3] ) og steig i gradene til han fekk stilling som frigattkaptein (Fregattenkapitan). I 1848/1849 var han offiser på ei av skipa som oppretthaldt blokkaden mot Venezia.[4]

«Salvacoste»[endre | endre wikiteksten]

Rundt midten av 1700-talet hadde ein ukjend austerriksk marienoffiser fram ein idé om å bruka ein liten båt med ei stor last av eksplosiv og styrt på avstand mot fiendtlege skip. Då han døydde hadde han ikkje finpussa eller publisert oppfinninga si. Kaptein Luppis fekk dei etterlatne papira hans.[5]

Luppis såg for seg eit umanna flytande fartøy ein kunne styra frå land, med eksplosivar som eksploderte når dei traff målet. Han fekk laga ein prototyp med glasvengjer som ein styrte frå land ved hjelp av lange tau. Første forsøk verka ikkje.

Den andre modellen hadde ein klokkemekanisme som dreiv propellen. Eksplosiva låg akter, og blei tende av ein pistol-liknande kontroll. Fartøyet hadde to ror, eit end mot høgre og eit mot venstre, som blei styrte med tau eller vaierar frå land. Etter ei rekkje eksperiment oppnådde Luppis eit design som verka godt nok, modell «6 m». Han kalla det «Salvacoste», italiensk for 'kystvernar'.[6]

In 1860, etter at Luppis hadde gått av med pensjon frå marinen, demonstrerte han '6 m' for keisar Frans Josef. Demonstrasjonen var ein suksess, men marinekommisjonen nekta å ta systemet i bruk utan betre framdrift og kontrollsystem.

Robert Whitehead med ein test-torpedo i Fiume ca. 1875.

I 1864 introduserte Giovanni de Ciotta Luppis for den britiske maskiningeniøren Robert Whitehead, som leia den lokale fabrikken Stabilimento Tecnico Fiumano. Dei to skreiv ein kontrakt om å utvikla oppfinninga vidare.

Whitehead bygde ein modell, men kom fram til at ideen ikkje kom til å fungera. Han byrja i staden å tenka på å få eksplosiva til å gå av under vasslinja til skipet, noko som ville vera mykje meir effektivt enn ein eksplosjon over henne. Whitehead fekk laga eit fartøy som gjekk under vatn og installerte ein motor som brukte komprimert luft, saman med automatiske kontrollar for retning og djupne. Denne første sjølvgåande torpedoen og seinare versjonar av han blei seinare kjend som Whitehead-torpedoen.

21. desember 1866 blei torpedoen, no kalla «Minenschiff», offisielt demonstrert for den austerriksk-ungarske statlege kommisjonen. Denne modellen var 355 mm i diameter og 3,35 m lang. Han vog 136 kg og hadde 8 kg eksplosiv. Marinekommisjonen godtok designet, og 6. mars 1867 skreiv staten ein kontrakt med oppfinnarane for testproduksjon der dei tok på seg alle produksjonskostnadane. Sjølv om designet vart sett på som lovande, fekk ikkje fabrikken nok bestillingar og gjekk konkurs i 1873. Whitehead tok han over og og endra han til eit privat selskap, Torpedo-Fabrik von Robert Whitehead, i 1875.

Giovanni Luppis blei gjeven adelstittelen Baron von Rammer ('søkkaren') den 1. august 1869. Han døydde i bydelen Torriggia i Laglio, nær Como, 11. januar 1875.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Luppis stamma frå ei grein av den italienske adelsfamilien Lupis som flytta til Dalmatia frå Giovinazzo i Apulia. Greina slo seg først ned i Republikken Dubrovnik og seinare på halvøya Pelješac i Kroatia), der han slavifiserte namnet sitt til Vuk, Vukić eller Vukašinovic. Då ein av forfedrane til Luppis flytta til Rijeka, ein by i Istria som på den tida hadde hovudsakleg italiensk folkesetnad, endra han namnet tilbake til Luppis. Sjå Libro d'Oro della Nobiltà Italiana PDF; og Historia til de Lupis-familien (italiensk) og stamtre for Giovanni Luppi
  • Giovanni Luppis genealogy
  • http://www.webcitation.org/query?url=http://www.geocities.com/kukmarine/offiziere.html&date=2009-10-26+01:33:25
  • La Voce del Popolo (Fiume), Sabato 3 marzo 2007: Storia del silurificio di Fiume e biografia di Giovanni Luppis (pp.6-7)
  • «Origin of the Whitehead torpedo, p. 6». Torpedo History - Part 1 - Historical Background. Naval Undersea Museum. 28 June 2010. Henta 30 June 2013. About the middle of the nineteenth century, an officer of the Austrian Marine Artillery conceived the idea of employing a small boat carrying a large charge of explosives, powered by a steam or an air engine and remotely steered by cables to be used against enemy ships. Upon his death, before he had perfected his invention or made it public, the papers of this anonymous officer came into the possession of Capt. Giovanni Luppis 
  • 1st international Conference on the occasion of 150th anniversary of torpedo factory in Rijeka and preservation of industrial heritage
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    • Gray, Edwin. The Devil's Device: Robert Whitehead and the History of the Torpedo, Annapolis: Naval Institute Press, 1991 310 s., ISBN 0-87021-245-1
    • Wilson, H. W. Ironclads in action;: A sketch of naval warfare from 1855 to 1895, London: Sampson Low, Marston and Company, 1895, Fourth Edition 1896 (Two Volumes), pre ISBN