Hopp til innhald

Øya Vis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vis
Landsbyen Komiza på Vis
Landsbyen Komiza på Vis
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar43°03′N 16°09′E
Areal90,26 km²
Høgaste punktHum (587 moh.)
Administrasjon
LandKroatia
FylkeSplit-Dalmatia
Største busetnadVis (1 582 innb.)
Demografi
Folketal3 617 (2021[1])
Satellittbilete av Vis (stor) og Biševo (liten)

Vis (italiensk Lissa, gresk Ίσσα, Issa) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og den øya som ligg lengst borte frå kysten av dei busette kroatiske øyane. Ho har eit areal på 90,26 km².[2] Den høgaste toppen på Vis vert kalla Hum og er 587 meter høg.[2]

Administrativt er øya delt mellom dei to bykommunane Vis og Komiža omkring landsbyane med same namn.[3][4] Begge landsbyane ligg ved sjøen, Vis[5] på den austlege delen av øya og Komiža[6] i vest. I indre område av øya ligg det mindre busetnadar som Podselje, Marinje zemlje, Podšpilje, Podstražje.[7]

Vis har vore busett sidan yngre steinalder. På 300-talet fvt. grunnla tyrannen frå Siracusa, Dionisius den eldre, kolonien Issa på øya. Seinare vart ho ein sjølvstendig bystat, som til og med hadde sin eigen valuta og grunnla koloniar andre stader.

I det første hundreåret fvt. var det den illyriske stamma Liburni som heldt til på øya. I 925 vart øya ein del av den mellomalderske staten Kroatia under kongen Tomislav. Vis er nemnd i De Administrando Imperio av den austromerske keisaren Konstantin VII Porphyrogennetos frå rundt 950 som «Ies», ei øy som høyrde til Pagania.

Brørne til Stefan Nemanja, Miroslav og Stracimir, hadde sjørøvarferder til Vis i 1184 og 1185.

I mellomalderen skifta øya eigarar mange gonger, og var lenge under Republikken Venezia. Under denne tida vart øya kalla «Lissa». Under den andre verdskrigen var Vis ein av dei mest brukte gøymestadane til Josip Broz Tito, leiaren for den jugoslavisk motstandsrørsla. Etter krigen brukte Jugoslavia øya som ei av sine største marinebasar.

Hovudnæringar på øya er jordbruk (hovudsakleg vindyrking), fiske, fiskeforedling og turisme.[2]

Rundt 20 % av øya er dyrka mark dekt av vingardar. Av vinar frå øya har ein Plavac Mali, Kurteloška og Bugava.[8]

Sjøen rundt Vis er rikt på fisk, særleg sardin, makrell og ansjos. Fiskarar frå Komiža utvikla på 1600-talet sin eigen type fiskebåt, Falkuša, som vart brukt til langt opp på 1900-talet på grunn av sine gode eigenskapar.[8]

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[1]Folketal 2011[9]Folketal 2021[10]
Vis kommune1 9601 9341 918
Komiža kommune[a]1 6581 5111 369
Øya Vis 3 618 3 445 3 287

Dei største tettstadene på øya var:

KommuneFolketal 2001[1]Folketal 2011[9]Folketal 2021[10]
VisVis1 7761 6721 582
KomižaKomiža1 5231 3971 261
RukavacVis4766103
PodstražjeVis234060
Marinje ZemljeVis356352
PodhumljeKomiža403244
MilnaVis193039
Žena GlavaKomiža544637
  1. Ikkje medrekna øyane Biševo og Svetac

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  2. 1 2 3 peljar.cvs.hr
  3. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
  4. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
  5. Artikkel om Vis og Komiža
  6. Offisiell side for Komiza, arkivert frå originalen 15. september 2008, henta 14. mars 2007
  7. tz-vis.hr, arkivert frå originalen 29. september 2008, henta 14. mars 2007
  8. 1 2 Økonomi på Vis, arkivert frå originalen 7. juni 2007, henta 14. mars 2007
  9. 1 2 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
  10. 1 2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Øya Vis