Gisseldramaet i Beslan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Gisseldramaet i Beslan fann stad mellom den 1. september og den 3. september 2004Barneskule nummer 1 i byen Beslan i Nord-Ossetia i det sørlege Russland vart kringsett av terroristar. Etter tre dagar var gisseldramaet over som ei følgje av skotveksling mellom terroristane og russiske tryggleiksstyrkar, der minst 338 menneske vart drepne, av desse 155 born. Hundretals andre vart såra eller skadde. Fleire av gisseltakarane vart lynsja av den opphissa folkemengda. Den einaste av gisseltakarane som overlevde, tsjetsjeneren Nurpasji Kulajev, har seinare vorte åtala mellom anna for mord og terrorisme.

Den tsjetsjenske separatistleiaren og terroristen Sjamil Basajev tok seinare på seg ansvaret for gisseltakinga.

Engelskspråkleg kart over Nord-Ossetia

Kravet til terroristane[endre | endre wikiteksten]

Terroristane skal i byrjinga ha hatt følgjande krav:

  • At tsjetsjenske krigarar som tidlegare hadde vorte arrestert i Ingusjetia skulle frigjevast
  • At russiske troppar skulle trekkja seg tilbake frå Tsjetsjenia.
  • At det skulle innleiast forhandlingar mellom Nord-Ossetias og Ingusjetias sine presidentar.

Etter oppløysinga av dramaet oppgav lekjaren Leonid Rosjal at han overleverte ei liste med krav frå terroristane til Ingusjetia sin tidlegare president, Ruslan Ausjev. Innhaldet i denne lista er endå framleis ukjend. Ausjev var den einaste forhandlaren som var inne hjå gisseltakarane under dramaet.

Kronologi[endre | endre wikiteksten]

Klokka 9.30, lokal tid, 1. september 2004, første dag etter skuleferien, kom ei gruppe på ca. 30 menn og kvinner i ein stolen GAZ-66-bil. Desse storma Barneskule nummer 1 i Beslan, ein skule med elevar på alder mellom sju og atten år. Dei fleste av terroristane bar svarte finlandshetter og nokre få vart observerte berande på sprengstoff i belta. Etter ei skotløysing mellom terroristane og politiet, der fem politifolk vart drepne, tok terroristane skulebygningen og omtrent 1 200 personar som gislar, dei fleste under fjorten år. Omtrent femti gislar lukkast i å røma i tryggleik under det første angrepet. Det rådde då forvirring omkring kor mange som fanst att i bygninga. Offisielle kjelder tala om 350 gislar medan andre sa at det var så mange som 1 500. Seinare høyrdest meir skotløysing frå skulebygningane, noko enkelte meinte var for å skrema dei russiske tryggleiksstyrkane. Det vart seinare avsløt at to kvinner hadde drepe tjue personar i ein skulekorridor den første dagen.

På den tredje dagen i dramaet verkar det som om nokre av gisseltakarane sine sprengladningar vart utløyste. Enkelte vitne sa at ei dårleg fest ladning i taket på gymnastikksalen fall ned og deretter detonerte sprengladningane. I tumultane etter eksplosjonane rømde ei gruppe gislar. Desse har seinare sagt at dei vart påskotne frå taket av gisseltakarane. Russiske styrkar skal då ha reagert med å storma bygninga.

Vitner sa at dei vart handsama med aukande brutalitet under dramaet. Alle vart nekta vatn og vart tvinga til å sitja stille tett samanpakka i ein svært varm gymnastikksal.

Russiske og nordossetiske styresmakter har vorte sterkt kritiserte for den katastrofale utviklinga dramaet fekk. Under dei avsluttande tumultane lukkast fleire gisseltakarar i å ta seg ut av bygninga. Sivile og uvedkomande var òg rett i nærleiken til bygninga og ifølgje meldingar hadde væpna sivile òg delteke i storminga av bygningen.

Beslan har ein blanda folkesetnad og mellom offera fanst både muslimar, ortodokse og andre kristne.

Rettsleg etterspel[endre | endre wikiteksten]

Den einaste kjende overlevande av gisseltakarane, Nurpasji Kulajev, som var 24 år då gisseldramaet fann stad, vart 26. mai 2006 dømt til livsvarig fengsel for mord, terrorisme og kidnapping. Kulajev utpeikte under rettssaka Sjamil Basajev som hjerna bak udåden. Kulajev nekta for tiltale og hevda under rettssaka at han hadde vorte rekruttert til aksjonen med opplysning om at målet for angrepet var ein militær postering i Beslan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]