Gitte Madsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gitte Madsen
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 24. mars 1969 (55 år)
Herning
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Gitte Madsen (fødd 24. mars 1969) er ein dansk tidlegare handballspelar som i 1996–1997 vart både olympisk meister, europameister og verdsmeister med Danmark sitt landslag. Over to periodar på til saman seks sesongar spelte ho på Bækkelaget SK, og tok i 1999 del i Bækkelaget sin triumf i EHF-cupvinnarcupen. Ho var rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Madsen deltok åra 1991 til 1998 i 120 av Danmark sine landskampar, skåra 288 mål. I Handball-VM 1993 tapte Danmark finalen mot det tyske mannskapet. To år seinare vann dei danske kvinnene bronsefinalen med 25–24 over Noreg. I 1996 sigra Danmark i så vel OL-finalen mot Sør-Korea i august som i EM-finalen mot Noreg i desember, då med finalesiffera 25–23. Madsen si triumfferd på landslaget enda med gullmedalje i verdsmeisterskapen 1997 i Berlin.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Madsen var Horsens-spelar til 1991. Frå hausten 1991 var ho aktiv på det norske topplaget Bækkelaget SK i fire sesongar. Deretter spelte ho 1995–1997 for Odense og 1997/98 for Gudme OG. Ho avslutta med spel for Bækkelaget frå 1998 til ein ryggskade sette stoppar i 1999/2000-sesongen. Saman med spelarar som Anja Andersen, Sorina Teodorovic og Cecilie Leganger syrgde ho for at Oslo-laget i 1999 sigra både i den nasjonale cupen, seriemeisterskapen og finalane i EHF-cupvinnarcupen. Madsen skåra til saman 4 mål då Bækkelaget i mai 1999 slo spanske Mislata med 50 mot 35 mål i cupvinnarcup-finalen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 1996 med Danmark
  • VM-gull: 1997 med Danmark
  • EM-gull: 1996 med Danmark
  • VM-sølv: 1993 med Danmark
  • VM-bronse: 1995 med Danmark
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1999 for Bækkelaget SK
  • Norsk meister: 1998/99 for Bækkelaget
  • Norsk seriemeister: 1999 for Bækkelaget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]