Handball-EM 1996 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i handball 1996 for kvinner, den andre i sitt slag, vart avvikla i tida 6. til 15. desember 1996 i Danmark. Arrangørlandet sikra seg meisterpokalen etter finalesiger 25 – 23 mot Noreg. Austerrike tok bronsemedalje. 12 land var kvalifisert og deltok i turneringa.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Meisterskapen vart arrangert med gruppespel à seks lag i to grupper. Deretter var det semifinalar med dei to beste laga i avdelingane, og til sist bronsefinale og finale. Turneringskampane fann stad i Brøndby, Fredericia, Herning og Vejle.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Danmark – Tyskland 24 – 22
  • Noreg – Austerrike 22 –20

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Herning framom 4 500 tilskodarar. Noreg tok føringa og var oppe i firemålsleiing på 10 – 6, før Danmark kom tilbake og utlikna til pauseresultatet 10 – 10. Etter pause heldt det danske laget fram å skåre til det stod 13 – 10. Sidan jamna stillinga seg ut og laga fylgde kvarandre utover i omgangen. Fem minuttar før full tid gjekk Noreg opp i 22 – 21, men tre danske nettkjenningar snudde stillinga til 24 – 22 og til sist siger 25 – 23.

Danmark sine toppskårarar, Gitte Madsen og Anne Dorthe Tanderup, fann begge vegen til nettmauskane i fem angrep. Anja Andersen og Annette Hoffmann skåra kvar sine fire mål, Camilla Andersen og Janne Kolling kvar sine tre, og Tonje Kjærgaard fekk ei skåring. Susanne Munk Lauritsen og Lene Rantala var danske målvakter.

Noregs finalelag omfatta målvaktene Heidi Tjugum og Annette Skotvoll, målskårarane Trine Haltvik (10), Kjersti Grini (4), Kari Solem (3), Susann Goksør (2), Kristine Duvholt (2), Sahra Hausmann (1), Mette Davidsen (1), Tonje Larsen, Janne Tuven og Kristine Moldestad. Jeanette Nilsen, Monica Vik Hansen, Ellen Thomsen og Silje Bolset deltok også i meisterskapen.

Ingen spelar vart utvist av dommarane, islendingane Stefan Arnaldsson og Rögnvald Erlingsson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]