Solovej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Solovej»
Song av Go_A
Land Ukraina
Språk Ukrainsk
Utgjeve 4. februar 2020
Sjanger Folktronica
Lengd 02:55
Selskap Rocksoulana
Låtskrivar(ar) Taras Sjevtsjenko, Kateryna Pavlenko

«Solovej» (ukrainsk «Соловей», norsk omsetjing 'nattergal') er ein folkelektronika-låt frå 2020 av det ukrainske bandet Go_A. Han vann den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 22. februar 2020 og skulle ha vore det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020. Hadde Eurovision Song Contest vorte arrangert som planlagt, ville det vore fyrste gongen Ukraina hadde delteke med ein song der heile teksta var på ukrainsk.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av det ukrainske bandet Go_A, som vart skipa i 2012. Bandet opererer innan sjangrane elektronika, folk og dance, og sende inn sin sjølvskrivne song «Solovej» til songtevlinga Vidbir, som vert arrangert av kringkastarane STB og UA:PBC. Songen var eit av 16 bidrag som vart plukka ut til å deltake i tevlinga.

Songen deltok i den fyrste semifinalen av Vidbir 8. februar 2020. Der enda han på andreplass og avanserte til finalen laurdag 22. februar 2020. I finalen gjekk «Solovej» til topps hos både juryane og folket, og vann dimed tevlinga samanlagt.[2] Som følgje av sigeren skulle songen vera det ukrainske til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam og Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst. Dette ville ha vore den fyrste gongen Ukraina stilte med ein song som berre har ukrainsk tekst.[1]

I januar 2020 vart Ukraina trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[3]

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Internasjonalt 4. februar 2020 Digital nedlastning, strømming Utgjeve på eige merke [4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Eurovision update: Poland, Ukraine and Slovenia choose their entries» (på engelsk). 24. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  2. «Ukraine: Go_A wins Vidbir 2020 with "Solovey" — topping both jury and televote results» (på engelsk). 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  3. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  4. «Solovey by Go-A». Amazon Music. Henta 23. februar 2020.