Godavari
Godavari | |||
Elv | |||
Godavari ved byen Kovvur.
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Statar | Maharashtra, Madhya Pradesh, Karnataka, Orissa, Andhra Pradesh, | ||
Nedslagsfelt | 319 808 km² | ||
By | Rajamundry | ||
Lengd | 1 450 km | ||
Kjelde | Brahmagiri-fjellet i Trimbakeshwar | ||
Munning | Antarvedi i Bengalbukta | ||
Godavari 19°55′48″N 73°31′39″E / 19.93°N 73.5275°E | |||
Kart som viser Godavari.
| |||
Wikimedia Commons: Godavari River |
Godavari (marathi गोदावरी, telugu గోదావరి) er ei elv i sentrale India. Ho spring ut i fjella i Maharashtra, i Trimbakeshwar nær Nasik og Mumbai, berre 38 mil frå Arabiahavet. I staden for å renna ut her krysser ho landet og renn ut i Bengalbukta i aust. Med ei lengd på rundt 1 450 km er Godavari den nest lengste elva i India, etter Krishnaelva.[1]
Godavari har utspring i Dei vestlege Ghatfjella ved Trimbak i delstaten Maharashtra. Elva renn så i austleg retning over Deccanplatået, gjennom Maharashtra, Karnataka, Orissa og Andhra Pradesh. Nær Rajamundry, 80 km frå austkysten, delar elva seg i to og dannar eit delta. Ho munnar ut i Bengalbukta. Elva har eit nedbørsfelt på 319 808 km².[1]
Under monsuntida har elva stor vassføring, medan det øvre elveleit tørker ut vår og haust.[2] Vatnet i elva er brunfarga. Dei største sideelvene er Indravati, Pranahita, Wainganga, Wardha, Manjira, Bindusara og Sabari.[1]
Elva blir også kalla Vriddh Ganga ('Gamle Ganges') eller Dakshin Ganga ('Sør-Ganges'). Heile elva er heilag for hinduar.[2] Som alle større elvar i India finst det mange valfartsmål ved Godavari, som Triyambak, Nasik og Bhadrachalam.[1] Dei største byane langs elva er Aurangabad, Nagpur, Nizamabad, Nasik, Nanded, Balaghat, Bhadrachalam, Rajamundry og Narsapur.[3]
Før elva nar Rajamundry er ho demma opp til vasskraft.[2] Ei stor veg- og jarnbanebru over Godavari bind saman Kovvur og Rajamundry.[1] Rundt halvparten av elva blir brukt til kunstig vatning.[3] Elvedeltaet blir brukt til risdyrking.[2] Godavari er sterkt forureina, særleg av industriverksemd.[3]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rivers of India, nih.ernet.in
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Mahanadi River, britannica.com
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «River Godavari». rainwaterharvesting.org. Henta 12. november 2006.