Gong Lijiao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gong Lijiao
Gong Lijiao, Bislet Games 2011.JPG
Fødd 24. januar 1989
Luquan
Gong Lijiao på Commons

Gong Lijiao (fødd 24. januar 1989) er ein kinesisk friidrettsutøvar frå Luquan som i 2017 vart verdsmeister i kulestøyt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gong Lijiao i Oslo i 2011

Allereie 18 år gammal tok Gong seg til finalen i eit stort internasjonalt meisterskap då ho ved verdsmeisterskapen i Osaka enda på sjuandeplassen. Året etter sette ho personleg rekord med 19,46 m i kulekvalifiseringa under Sommar-OL på kinesisk heimebane, der ho vart nummer fem i finalen. Også i VM 2009 i Berlin sette ho personleg rekord, finalestøytet på 19,89 meter heldt til tredjeplass. To månader seinare passerte Gong 20-metersstreken for fyrste gong, under kinameisterskapen i Jinan vann ho kuletevlinga med 20,35 m.

Etter Gong vart nummer fire i VM 2011 i Daegu, tok ho bronsemedaljen både under Sommar-OL 2012 i London og VM 2013 i Moskva. Gong støytte 20,30 m i fyrste finaleomgang då VM 2015 fann stad i Beijing, eit resultat som gav henne sølvmedaljen, ettersom tyske Christina Schwanitz i tredje omgangen presterte 20,37 m. I mai 2016 forbetra Gong sin personlege rekord til 20,43 m i eit stemne i tyske Halle, men lukkast ikkje ta medalje i Sommar-OL i Rio de Janeiro.

Under friidretts-VM 2017 i London steig Gong heilt til topps på sigerspallen etter kuletevlinga. Ho tok leiinga med 19,16 m og auka i andre omgang til 19,35 m, før ho i femte omgang tok fram gullstøytet som målte 19,94 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]