Google Chrome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Google Chrome
Google Chrome.JPG
Google Chrome vitjar fyrstesida åt Wikipedia.
UtviklarGoogle.INC
Utgjeve02 september 2008
Nyaste versjon110.0.5481.208, 111.0.5563.101, 111.0.5563.146/147, 112.0.5615.49, 112.0.5615.48, 111.0.5563.116, 113.0.5672.9
OperativsystemMacintosh Linux Windows.
PlattformIA-32, x86_64, ARM
Lisensopen kjeldekode
Nettstadhttps://www.google.com/chrome/

Google Chrome er ein open kjeldekode-nettlesar utvikla av Google. Han byggjer på komponentar frå andre open kjeldekode-nettlesarar som WebKit og Mozilla, og er meint til å forbetre stabilitet, fart, og sikring saman med eit enkelt og effektivt brukargrensesnitt.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Nettlesaren er namngjeven etter ramma til brukargrensesnittet til nettlesaren, også kalla «chrome» på engelsk.

Sikring[endre | endre wikiteksten]

Google Chrome hentar informasjon frå to såkalla svartelister (ei for nettfiske, og ei for sabotasjeprogram) og åtvarar brukaren når den prøvar å vitje ei skadeleg side. Denne tenesta er og gjort tilgjengeleg for andre via «Google Safe Browsing API». I arbeidet med å halde ved like desse listene, gjev google òg melding til eigarane av sidene, som kan vera uvitande om at sidene deira inneheld skadeleg programvare.

Brukargrensesnitt[endre | endre wikiteksten]

  • Fanebasert nettlesing. Der fanene er over adresselina, som på nettlesaren Opera.
  • Nye faner syner miniatyrbileter av dei ni mest vitja sidene, saman med dei mest søkte, og bokmerkte sidene, og dei siste attlatne fanene.
  • «Gears», er eit verktøy for å hjelpa utviklarar.
  • Sprettoppvindauge er låste til den fana dei kjem ifrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]