Gotfred Hølvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gotfred Hølvold
Gotfred Johan Hølvold.jpg
Fødd 22. april 1903
Vardø
Død

28. juli 1979

Yrke politikar, redaktør, sjøfolk

Gotfred Johan Hølvold (22. april 190328. juli 1979) var ein norsk politikar frå Vardø, aktiv i Norges Kommunistiske Parti. Under andre verdskrigen flykta han til Sovjetunionen, der han arbeidde for Komintern og dei norske sendingane til Radio Moskva. Etter krigen var han ordførar i Sør-Varanger og NKP-representant på Stortinget.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hølvold var sjømann og tidleg ein markant representant for Norges Kommunistiske Ungdomsforbund og NKP. Mellom 1928 og 1931 studerte han ved Komintern sin kaderskule i Moskva, den såkalla Lenin-skulen.

Tilbake i Noreg vart Hølvold vald inn i kommunestyret og formannskapet i Sør-Varanger. Tidleg i 1932 var han redaktør ved Kirkenes-kontoret til NKP-avisa Finnmarks Fremtid som kom ut i Vardø. Frå januar til oktober 1933 var han redaktør i avisa. Han tok deretter over redaktørstillinga i partiavisa Nordlands Arbeiderblad, ei stilling han hadde frå desember 1933 til juli 1936.

Saman med fleire NKP-medlemer flykta Hølvold seinsommaren 1940 med familien til Sovjetunionen. I månadsskiftet august/september gjekk flyktningane i land på Fiskerhalvøya. Dei vart snart frakta sørover og busett i eit jordbrukskollektiv ved tettstaden Apatity, om lag midt på Kolahalvøya. Der vart etablert ein «norsk koloni» som etter kvart talde vel 70 personar. I august-september 1941 flytta han frå Apatity for å busette seg i Sjadrinsk, mykje lenger frå Kola-fronten.

I 1942 forlet Hølvold familien og den norske kolonien. Sidan var han mellom dei som dreiv dei norske radiosendingane frå Moskva, gjennom offisielle Radio Moskva og den langt mindre offisielle Folkesenderen Norges Frihet. Etter verdskrigen var over vart Hølvold tildelt orden «for ærefull innsats i oppbygging og forsvaret av Sovjetrepublikken» og medalje for «Heltemodig innsats i Fedrelandskrigen 1941-45».

Krigen sette djupe spor i Finnmark. Kommunistpartiet fekk over 35 prosent av røystene ved valet Sør-Varanger hausten 1945, og Hølvold vart vald til ordførar. Sidan Kirkenes låg i ruinar, budde familien hos slektningar ved Bjørnsund i Pasvikdalen, medan Hølvold sjølv sov på jarnseng i ordførarkontoret.

Periodane 1947-55 og 1960-63 var Hølvold medlem av kommunestyret. Ved stortingsvalet i 1953 vart han med god margin vald inn på Stortinget. Som nyvald Finnmark-representant kom Hølvold i søkelyset då pressa melde at fire nordmenn i Aust-Finnmark var arrestert for spionasje, og redaktør Erling Norvik i Finnmarks Tidende brakte vidare eit rykte om at Hølvold skulle vere ein av dei. Hølvold gjekk då til injuriesak og vart presentert i eit stort oppslag i Arbeiderbladet, der han i intervju-form fordømde den sovjet-russiske spionasjen. Uttalane vekte mishag hos mange i NKP-miljøet, og Hølvold rykte få dagar seinare ut og avviste heile «intervjuet» som eit falsum.

Hølvold lukkast ikkje å verte attvald i 1957, då NKP mista to av sine tre stortingsrepresentantar. Seinare var han i årevis aktiv i Sambandet Norge-Sovjetunionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]