Region Gotland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gotlands kommun)
Region Gotland
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gotlands län
Landskap Gotland
Del av Gotland, Q61587125, Q10680639
Centralort Visby
Areal 3 183,72 km²
 - land 3 151,44 km²
 - vatn 32,28 km²
Folketal 57 004
Folketettleik 18 / km²
Kart
Gotlands kommun
57°36′55″ N 18°16′50″ E
Wikimedia Commons: Gotland
Nettstad: www.gotland.se

Region Gotland (på svensk: Gotlands kommun) er ein kommune som i areal og folketal er identisk med landskapet Gotland og Gotlands län i Sverige. Difor har kommunen oppgåver som til dømes landsting, i tillegg til ein viss grad av regionalt sjølvstyre. Administrasjonssenteret i kommunen er Visby.

Region Gotland omfattar øya Gotland og dei omkringliggjande øyane, der dei viktigaste er Fårö, Stora Karlsö, Lilla Karlsö og Gotska Sandön.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

På Gotland var det i 1951 ikkje mindre enn 93 kommunale einingar, der éi av dei var landsting, éi stad, éi köping, éi municipalsamhälle og 89 var landskommunar. Dessutan fanst det fleire kommunalförbund der fleire av kommunane gjekk saman. Fleirtalet av kommunane hadde færre enn 100 innbyggjarar. Tjuge år seinare var biletet eit heilt anna. Alle desse einingane var oppløyste og erstatta av éin kommune som dekte heile lenet.

Frå kommunalforordningane tredde i kraft 1. januar 1863 og fram til den fyrste av to riksomfattande kommunereformer i Sverige i 1952 hadde det berre vorte gjort små inndelingsforandringar på Gotland. I 1886 vart Hemse municipalsamhälle innlemma i Hemse kommun, og i 1936 vart Visby landskommun innlemma i Visby stad. Det same året vart også Othems kommun gjord om til Slite köping.

Ved kommunereforma som vart vedteken av Riksdagen i 1946 og gjennomført i 1952 vart desse såkalla storkommunane danna (frå nord til sør): Fårösund (av 4 kommunar), Lärbro (av 4 kommunar), Tingstäde (av 10 kommunar), Dalhem (av 8 kommunar), Romakloster (av 18 kommunar), Stenkumla (av 8 kommunar), Klintehamn (av 8 kommunar), Hemse (av 8 kommunar), Stånga (av 3 kommunar), Ljugarn (av 6 kommunar), Havdhem (av 6 kommunar), samt Hoburg (av 5 kommunar). Boge kommun vart innlemma i Slite köping, medan det ikkje vart gjort endringar i Visby stad. Hemse municipalsamhälle vart oppløyst ved utgangen av 1958.

Etter ti år innsåg ein at reforma ikkje hadde gjort nok for Gotlands län, for også «storkommunane» var i mange høve for små til å gjennomføre oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte. Lensstyret føreslo difor at Gotland skulle delast inn i tre kommunar, ein for Visby og området rundt, ein for den nordlege delen av øya (med Slite som administrasjonssenter) og ein for sør-Gotland (med Hemse som administrasjonssenter). I høyringsrunda med kommunane i lenet, føreslo dei fleste at ein burde dele øya inn i fem kommunar, medan Fårösund føreslo éin samlingskommune.

I april 1970 gjorde regjeringa vedtak i saka. Gotland skulle frå 1. januar 1971 utgjere éin kommune. Difor kunne også landstinget oppløysast og oppgåvene det hadde overførast til den nye kommunen, slik at ein unngjekk dobbeladministrasjon.

Sidan 1999 har Gotland, saman med Skåne län og Västra Götalands län, vore med i eit prøveprosjekt der ein overlèt visse av oppgåvene til länsstyret til eit regionalt organ, i dette tilfellet Gotlands kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På raud bakgrunn, ein ståande vêr i sølv og gull framfor ein krosstav av gull der det er festa eit raudt banner med fem gullstrekar på..[1]

Ved kommuneopprettinga i 1971 fanst det, trass i det høge talet på tidlegare kommunar, berre eitt kommunevåpen, og dette høyrde til Visby stad. Det inneheldt eit gudslam (Agnus Dei) på raud bakgrunn. Den nye kommunen valde òg å utforme det med raud bakgrunnsfarge, i motsetnad til den blå i våpenet til landskapet og länet.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 16 tettstader i Region Gotland.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Visby 22 236
2. Hemse 1 836
3. Slite 1 598
4. Klintehamn 1 407
5. Vibble 1 135
6. Romakloster 905
7. Fårösund 862
8. Lärbro 521
9. Burgsvik 347
10. Stånga 342
11. Havdhem 318
12. Västerhejde 302
13. Tingstäde 278
14. Väskinde 275
15. Roma 253
16. När 209

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I rött fält en stående vädur av silver med beväring av guld, förande ett på korsstav av guld fästat rött banér med bård och fem flikar av guld.».