Gråkval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråkval
Gråkval
Gråkval
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av gråkval
Utbreiinga av gråkval
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Parvorden: Bardekvalar Mysticeti
Overfamilie: Balaenopteroidea
Familie: Eschrichtiidae
Slekt: Eschrichtius
Art: Gråkval E. robustus
Vitskapleg namn
Eschrichtius robustus

Gråkval (Eschrichtius robustus) er ein bardekval og den einaste arten i slekta Eschrichtius som er monotypisk i gråkvalfamilien (Eschrichtiidae). Nyare forsking indikerer likevel at sørleg vågekval truleg er nærare i slekt med gråkval enn andre finnkvalar, noko som reiser spørsmål om inndelinga. Gråkvalen er blitt særleg kjend for den komplekse songen sin, kalla kvalsong.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråkvalen er flekkete mørkt grå til lysare grå i fargen. På huda veks gjerne mange andeskjel og kvallus. Arten har ikkje regulær ryggfinne, men har ein serie med puklar langs den bakre tredelen av ryggrada. Kvalen har to djupe furer på halsen, som gjer at han kan opna kjeften maksimalt når han beitar på byttedyr. Gråkvalen bruker dei kvite bardane sine til å filtrera mat frå havbotnen. Han er den einaste kvalarten som finn primærføda si i sediment på havbotnen. Som alle bardekvalar har han to blåsehol, som sit på toppen av bakhovudet/øvst i nakkeregionen.

Hoene er generelt noko større enn hannane. Dei blir gjerne 12,8–15,2 meter lange og kan vega opp mot 31–34 metriske tonn når dei er drektige. Hannane blir gjerne 11,9–14,3 meter lange og veg gjerne rundt 16 tonn.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Gråkval i Laguna Ojo de Liebre i Baja California Sur i Mexico

Det finst to populasjonar av gråkval; austleg gråkval og vestleg gråkval, som begge er endemiske for det nordlege Stillehavet. Gråkvalen finst typisk i kystnære farvatn, med ei maksimaldjupne på rundt 100 meter. Austleg gråkval held til langs vestkysten av Nord-Amerika, frå Baja California i sør til Beringsundet i nord. Vestleg gråkval finst langs austkysten av Nordvest-Asia, frå kysten av Sør-Korea i sør til Okhotskhavet i nord.

Tidlegare fanst det også ein stamme av gråkval i Atlanterhavet. Det er ikkje nøyaktig kjent kva tid han blei utrydda, men det kan ha skjedd tidleg på 1700-talet, og kom sannsynlegvis av kvalfangst.

I nyare tid har det vore fleire tvilsame rapportar frå Atlanterhavet. 9. mai 2010 blei det derimot gjort ein sikker observasjon i det austre Middelhavet, utanfor kysten av Israel. Den same kvalen blei sett utanfor Barcelona i Spania 30. mai 2010.[1] I 2013 blei det sett ein gråkval utanfor kysten av Namibia, den fyrste observasjonen på den sørlege halvkula.[2] Desse kvalane kan ha sumt gjennom Nordvestpassasjen, som no er enklare å passera på grunn av klimaendringar.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Gråkvalen er kjend for dei lange migreringane sine (opp mot 20 000 km eller meir tur/retur) mellom vinterbeite og parings- og kalveplassane sommarstid. Han er også kjend for kvalsongen sin, som er den mest komplekse blant alle kvalartar.

Gråkvalen filtrerer mat frå sedimenta på havbotnen, gjennom å leggja seg på sida og gulpa i seg mudderet, som så blir filtrert gjennom bardane når kvalen stig til overflata. Dei byggjer opp feittreservane i vinterhalvåret (i nord) og lever av desse i paringstida og kalvinga ( i sør).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matt Walker (8. juni 2010). «Mystery gray whale sighted again off Spain coast». BBC Earth News. Henta 18. august 2013. 
  2. «First grey whale spotted south of the equator». The Guardian. 14. mai 2013. Henta 18. august 2013. 
  3. «Nordvestpassasjen isfri andre år på rad». Adressa. 17. april 2012. Arkivert frå originalen 16. oktober 2017. Henta 17. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]