Grønfink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønfink

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Grønfinkar. Hann oppe og ho nede. Foto: Andreas Trepte
Grønfinkar. Hann oppe og ho nede.
Foto: Andreas Trepte
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Chloris
Vitskapleg namn
Chloris chloris
Grønfinkegg

Grønfink (Chloris chloris, òg Carduelis chloris) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 14,5 cm lang, og veg mellom 25 og 31 gram.

Grønfinken er ein kraftig bygd fugl med eit stort hovud og eit kraftig nebb. Fjørdrakta er olivengrøn med gule innslag. Vengene og stjerten er gulgrøne og stjerten kan ein tydeleg sjå når fuglen flyg. Hoa er meir gulbrun, men med dei same gule fjørene på vengene og stjerten som hannen har.

Grønfinken er ein selskapeleg fugl og lever oftast i flokkar med mange individ. Han lever ofte saman med grønsisiken når han ikkje hekkar. Der det er mykje mat kan det samla seg store flokkar med grønfinkar. Om kvelden samlar dei seg òg i store flokkar i skogen for å overnatta.

Grønfinken hekkar i april–juli, og er tilhøva gode kan eit par få opptil tre kull. Hoa legg mellom 4 og 6 egg som ho rugar på i 12–14 dagar. Ungane forlèt reiret etter 13–16 dagar.

Grønfinken er ein av dei få fuglane som syng medan han flyg.