Grønnøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønnøya
Geografi
Norway - Grønnøya.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°47′23″N 13°25′56″EKoordinatar: 66°47′23″N 13°25′56″E

Areal 2,6 km²

Høgaste punkt Storvarden (104 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Grønnøya, Grønnøy, Grønøya eller Grønøy er ei øy i Meløy kommune i Nordland. Øya ligg nord for Åmnøya og vest for Engavågen. Grønnøya har eit areal på 2,6 km², og det høgaste punktet er Storvarden på 104 moh.

Grønnøya har brusamband til fastlandet via Brattsundbrua og til Åmnøya via ei landfylling. Grønøya er også ein av stoppestadene til Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen. Tidlegare hadde Grønnøya eigen butikk, og var meir eitt eige lokalsamfunn enn i dag. Då Brattsundbrua kom, vart det lettare for folk å reisa inn til Engavågen for å handla, og butikken vart til slutt nedlagd.

På Grønnøya stod den såkalla Grønøyfurua, som vart måla av Thorolf Holmboe, og som ein trur er motivet på Nitedals fyrstikkesker. Det herskar derimot usemje om dette.[1] [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.