Seymour Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°14′0″S 56°37′0″W
Seymour Island
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe James Ross-øyane
stad Antarktis
 - koordinatar 64°14′0″S 56°37′0″W
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Seymour Island is located in Antarktis
Seymour Island (Antarktis)

Seymour Island er ei øy i ei rekkje på 16 store øyar kring tuppen av Graham Land i Den antarktiske halvøya. Graham Land ligg nærmare Sør-Amerika enn nokon annan del av Antarktis.[1] Ho ligg i den delen av øyrekkja som ligg på vestsida av halvøya. Ho ligg like nord for Snow Hill Island og like aust for den større James Ross Island, og den mindre naboøya Vega Island.

Seymour Island vert stundom kalla Marambio Island eller Seymour-Marambio Island, etter den argentinske basen som ligg her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nordspissen av Seymourøya vart observert i 1843 av ein britisk ekspedisjon leia av James Clark Ross, som gav spissen namnet Cape Seymour etter kontreadmiral George Francis Seymour. I 1892 konstaterte nordmannen Carl Anton Larsen at det dreidde seg om ei øy.

Delar av den den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 leia av Otto Nordenskjöld var tvungen til å overvintre her i 1902. Heile ekspedisjonen berga seg frå Seymour Island i 1903, inkludert C.A. Larsen som var kaptein på det forliste ekspedisjonsskipet «Antarctic».

Den 29. desember 1969 opna Argentina den permanente forskingsstasjonen Base Antártica Marambio.

Base Antárctica Marambio[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Marambio-basen.

Marambio-basen ligg på øya og er den viktigaste Argentinsk basen i Antarktis. Her vert drive ein flyplass (ICAO: SAWB ) for fly med landingshjul året rundt.[2] Om vinteren har basen i snitt eit mannskap på 55, men om sommaren kan det vere opp til 180 personar her.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturen på Seymour Island er ved Base Antárctica Marambio målt til 1 °C om sommaren og −21 °C om vinteren. Vinterstid fører derimot sterk vind til ein følt temperatur på −60 °C.

Paleontologi[endre | endre wikiteksten]

Bergartane på Seymour Island er stort sett frå sein kritt-tid til eocen.

I november 1882 gjekk den norske kapteinen Carl Anton Larsen i land her med skipet sitt «Jason». Her fann han fossil av utdøydde dyr og mange paleontologar har vitja øya sidan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ESA Science & Technology: Graham Land
  2. Antarktis facilities – comnap.aq
  3. official page