Graham Norton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graham Norton

Statsborgarskap Irland
Fødd 4. april 1963 (60 år)
Clondalkin
Yrke programleiar, komikar, radioprogramleiar, journalist, filmskodespelar, spaltist, memoarforfattar
Språk engelsk
Religion Protestantisme
Graham Norton på Commons

Graham William Walker (fødd 4. april 1963 i Clondalkin), kjend under scenenamnet Graham Norton, er ein irsk skodespelar, komikar, programleiar og journalist.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1992 byrja Norton som standup-komikar ved Edinburgh Festival Fringe. Dei fyrste framsyningane hans innan kringkasting var som komikar på BBC Radio 4-showet Loose Ends, som gjekk kvar laurdag morgon tidleg i 1990-åra. Han fekk ry på Channel 5, då han vann ein pris for si framsyning som reserve-vert for eit talkshow som vanlegvis blei presentert av Jack Docherty.[1]

Norton er kjend som vert for talkshowet The Graham Norton Show, og som den britiske kommentatoren for Eurovision Song Contest. I 2003 blei Norton gjenstand for kontrovers då han gjorde ein komisk referanse til den nylege avlidne Bee Gees-musikaren Maurice GibbChannel 4.[2] Norton forårsaka ny kontrovers 7. oktober 2006, då han skildra ecstasy som ei «fantastisk oppleving».[3]

I 2023 var Norton ein av programleiarane for finalen av Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool, saman med Hannah Waddingham, Alesha Dixon og Julija Sanina.[4]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Norton er open homofil og lid av vitiligo, ein hudsjukdom der det kan opptre flekkar av pigmentert hud.[5][6]

I 2022 gifta Norton seg med Jonathan McLeod.[7][8][9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «BFI Screenonline: Norton, Graham (1963-) Biography». www.screenonline.org.uk. Henta 17. februar 2019. 
  2. Day, Julia (10. februar 2003). «Bee Gee lashes out over Norton jokes». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. februar 2019. 
  3. «BBC stands by Graham Norton in drugs row». The Independent (på engelsk). 8. oktober 2006. Henta 17. februar 2019. 
  4. «Eurovision 2023: Hosts revealed for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  5. Cohen, Benjamin (27. april 2006)."Graham Norton: "I'm too old to be attractive to gay men" Arkivert 24. oktober 2011 ved Wayback Machine.. Pink News. Retrieved 14 June 2011.
  6. Farndale, Nigel (25. desember 2002). «Will Graham Norton ever grow up?» (på engelsk). ISSN 0307-1235. Henta 17. februar 2019. 
  7. «'I was a grubby git from Cork': Graham Norton on trying to 'reinvent' himself when he left Ireland». The Irish Examiner. 30. september 2022. Henta 17. november 2022. 
  8. Baker, Noel (11 July 2022). «Graham Norton toasts marriage with star-studded West Cork wedding party». Irish Examiner. Henta 11. juli 2022. 
  9. «Graham Norton toasts marriage with VIP party in Bantry House». Irish Independent. 11. juli 2022. Henta 11. juli 2022. 
  10. McLoughlin, Lisa (11. juli 2022). «Graham Norton 'celebrates marriage with wedding party in native West Cork'». Evening Standard. Henta 11. juli 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]