Maurya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mauryariket i 265 f.Kr.
Funnstader for Asjoka-innskrifter.

Maurya var eit geografisk omfattande og mektig rike og dynasti i den indiske oldtida, frå rundt 320 til 185 f.Kr. På sitt største omfattar riket størsteparten av det indiske subkontinentet, frå Himalaya i nord til Nord-Kerala og Andhra Pradesh i sør og frå Assam i aust til Pakistan, Balochistan og delar av Afghanistan i vest. Asjoka den store høyrde til Mauryadynastiet, som blei grunnlagd av Tsjandragupta Maurya.

Riket blei oppretta med utganspunkt i kongeriket Magadha som dekte dagens Bihar, austre Uttar Pradesh og Bengal aust i India, som hadde Pataliputra, dagens Patna, som hovudstad. Det blei grunnlagd i 322 f.Kr. av Tsjandragupta, som styrta det styrande Nandadynastiet og raskt skaffa seg kontrollen over vestliggande område i sentrale og vestlege India der lokale herskarar var blitt svekka av hæren til Aleksander den store. I 320 f.Kr. hadde riket erobra hele nordvestlege India etter å ha sigra over dei gresk-persiske satrapane Aleksander hadde plassert der. Riket byrja gå tilbake 60 år etter at Asjoka døydde, og blei til slutt oppløust i 185 f.Kr. då Sungariket blei oppretta i Magadha.

Under Mauryaherredømet opplevde India sosiale og religiøse endringar. Tsjandragupta vigde seg til djainismen medan Asjoka gjekk over til buddhismen, som med hans støtte kunne spreia seg over eit stort område.

Arthasjastra skriven av Tsjandragupta sin minister Kautilya og Asjoka-innskriftene er dei viktigaste skriftlege primækjeldene til Mauryatida. Tida er sett på som ei av dei viktigaste periodane i indisk historie. Det indiske statsvåpenet byggjer på ein løveskulptur oppå ein av asjokasøylane reiste under Asjoka, og i det indiske flagget finn ein asjokahjulet, eit stilisert hjul som blei brukt i mange av innskriftene hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maurya

Kjelder[endre | endre wikiteksten]