Gravlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eldre fotografi frå ein gravlund i Russland.
Varhaug gamle kyrkjegard i Hå kommuneJæren.

Gravlund eller gravplass er eit område som er reservert for jordfesting av avlidne menneske, anten dei vert jordfesta i likkiste, eller i urne etter kremasjon. Gravplass for dei kremerte vert òg kalla urnelund.

I Noreg og fleire andre land ligg gravlundane ofte ikring kristne kyrkjer, og det er då vanleg å kalle gravplassane for kyrkjegardar og tilsvarande. Nemninga gravfelt er som oftast nytta som eit arkeologisk nøytralt (ikkjereligiøst) omgrep for samlingar av graver frå førhistorisk tid for døde som har vorte jordfesta på seremonielt vis etter si tids sed. Men i europeiske språk kan ord som svarar til det norske ordet gravfelt òg verte nytta som eit generelt nøytralt alternativ til det som i vanleg språkbruk vert kalla kyrkjegardar eller har andre nemningar av religiøs karakter.

Gravlundar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det ein lovfesta hovudregel at gravlegging skal skje på ein offentleg gravplass eller på ein gravplass som eit registrert trussamfunn har opparbeida etter å ha fått løyve i samsvar med lov frå 13. juni 1969 nr 25 om trudomssamfunn og ymist anna. Alle avlidne har rett til gravplass i den kommunen dei budde i då dei døydde, utan omsyn til kva trudoms- eller livssynssamfunn dei høyrde til, eller kva slags livssyn dei hadde. Gravlegging skal alltid gå føre seg med respekt for den religionen eller det livssynet den døde hadde. Gravlundar ikring kyrkjer som høyrar til Den norske kyrkja er såleis ikkje berre for dei som er medlemar av dette kyrkjesamfunnet. Same rett til gravplass i kommunen har dødfødde born når mora eller faren er busett i kommunen.

Ei grav er freda i 20 år, men fredingstida kan lengjast. Når ein gravlund vert lagd ned, skal arealet vere freda i minst 40 år etter siste gravlegging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gravlund